top of page

Treningssenter

Liv&Lyst satte i gang et prosjekt for å få treningssenter i bygda. Prosjektgruppa fekk støtte frå fleire sponsorar, og i dag har vi eit veldig godt treningstilbud i bygda. 

Sponsorane er: 
Sparebankstiftinga, Ålfoten Liv & Lyst, Sparebanken Vest, Guleslettenefondet, Elkem Bremanger og Ferstad installasjon

 

Det er idrettslaget som står for drifta av treningssenteret. 

 

Prisar:

Treningsavgift for medlemmer av ÅIL: 500 kr pr halvår.

Drop-in for dei som ikkje har betalt treningsavift, har følgjande satsar:

  • 100 kr for enkeltbesøk

  • 200 kr for å kunne nytte treningssenteret ei veke

  • 300 kr for å kunne nytte treningssenteret ein månad.

​

Betaling for drop-in besøk gjer ein vha Vipps til Ålfoten Idrettslag#564681. Hugs å merke kva betalinga gjeld.

 

Nye deltakarar som ønskjer å betale treningsavgift for halvåret, gjev beskjed til Hilde (97064073) om dette og vil motta faktura på mail. 

​

Dersom du ikkje er medlem av ÅIL, men ønskjer å bli det for å kunne betale treningsavgift, kan du melde deg inn her: https://medlemskap.nif.no/25742

​

Reglar for bruk av treningssenteret:

​

  • Treningssenteret kan brukast av personar frå ungdomsskulealder og oppover.

  • For fritt å kunne nytte treningssenteret, må du vere medlem i Ålfoten Idrettslag og ha betalt treningsavgift for inneverande periode.

  • Dersom du ikkje har betalt treningsavgift, kan du nytte treningssenteret ved å Drop-in på Vipps til Ålfoten Idrettslag #564681. (sjå prisar over)

  • Alle som nyttar treningssenteret må registrere seg inn pr. trening ved å skrive namnet sitt i boka i inngangspartiet. Det er ikkje tillate for personar som ikkje skal trene å opphalde seg i treningssenteret.

  • Du må bruke inne-sko som ikkje lagar strekar på golvet.

  • Ha med eige handkle og tørk sveitte av treningsutstyr etter bruk.

  • Vis omsyn til andre som trenar.

  • All bruk av treningsutstyr skjer på eige ansvar.

  • Alt treningsutstyret er ÅIL sin eigedom. Bruk det fint, så kan vi ha felles glede av det i mange år framover.

  • Meld frå til Hilde (97064073) viss det oppstår skader på utstyr.

  • Sløkk lyset og lat igjen alle dører viss du er sistemann som går frå treningssenteret.

 

-Styret i Ålfoten Idrettslag-

bottom of page