top of page
Klover_355.jpg

Krunhjorten 4H

Krunhjorten 4H vart stifta 15.mars 1982, og er ein organisasjon for barn og unge i aldersgruppa 10-19 år. Klubben har nokre vaksne rettleiarar, men det er medlemane som bestemmer kva aktivitetar klubben skal gjennomføre i løpet av eit år. 4H er dermed ein fin plass å prøve styreverv og å lære om organisasjonsarbeid. Kvart år gjennomfører det enkelte medlem eit valfritt 4H-prosjekt, som blir avslutta på hausten og utstilt på haustfesten. Klubben har og nokre andre faste årlege arrangement for bygda, som til dømes gåbingo og volleyballturnering.

 

Klubben har laga møteplassar utandørs i bygda, som både medlemane og bygdefolket har stor glede av. På Krokettplassen kan ein blant anna spele sandvolleyball eller samlast i grillhytta. Grillhytta blir leigt ut til arrangement og andre samlingar (kontakt Bjarte: 97 52 25 93). I 2023 opna klubben ein ny badeflåte, som medlemane var med og bygde.

 

«I 4H får medlemmene mulighet til å utvikle seg selv, og være del av et sosialt fellesskap der alle har omsorg for hverandre. Det stilles ikke spesielle krav for å bli medlem.» Meir informasjon om 4H finn du på landsorganisasjonen sine nettsider: https://4h.no/om-4h/

bottom of page