|
|
||
|---|---|---|
|
|
Ungdoms- og revylaget -
Soknerådet -
Hornmusikken -
Idrettslaget -
Grendahuset -
Krunhjorten 4H -
Flora-Bremanger BrassBand -
Skyttarlaget
Ålfoten ungdoms- og revylagÅlfoten ungdoms- og revylag er det laget som har teke initiativ til, og driv aalfoten.no.Laget har eit ungt styre, der alle styremedlemmane er under 30 år. Det er samansett slik: Leiar: Ingebjørg Myklebust Nestleiar: Veronica Elde Kasserar: Monika Hansen Sekretær: Anne Sofie Myklebust Styremedlem: Rolf Dombestein Vara:Hilde Myklebust og Randi N Midthjell Vi ynskjer å skape engasjement og gjere bygda levande. Dette prøvar vi å gjere gjennom ulike aktivitetar. Jonsokaftan lagar vi til jonsokfeiring i Svinevika, på sørsida av Ålfotfjorden. Vi køyrer bord og benkar ned til sjøen, og lagar til bål. Vi har laga fire store grillar, som folk kan grille maten dei tek med seg på. I tillegg lagar vi til natursti, og har loddtrekning. Brurefylgje kjem roande med båt over fjorden. Folk kjem med mat og godt humør, så det brukar å vere ein trivleg kveld. I romjula arrangerar vi bygdakveld. Vi vel ein komité som har ansvar for denne. Vi skriv lokale sketsjar og lagar til program. Etter programmet er det spekemat som står på menyen, så er det dans. Dette brukar å vere populære festar. Vi prøvar å få i gang bygdekinoen igjen, og har hatt ei prøveframsyning som gjekk veldig bra. Så det blir spennande å sjå kva som skjer framover. I fjor sommar arrangerte vi kajakk-kurs. Vi leigde inn instruktør og kajakkar. Dette var utruleg moro, så kursdeltakarane var godt nøgde. Som du ser driv vi med litt av kvart, har du tips eller spørsmål er det berre å ta kontakt! Det kan du gjere på mail til: post@alfoten.no Nokre bilder frå forskjellige aktivitetar.Trykk på bilda for å sjå dei i større versjon.Kajakk-kurs 2007: Jonsokfeiring 2007: Bygdakveld 2006: Jonsokfeiring 2006: |
|