|
Myklebustsetra
Myklebustsetra ligg i Myklebustdalen ved riksveg 614 ca 5 km frå bygda.
Setra ligg flott til ved det vesle Setrevatnet. Her er sel og fjøsar
for alle bruka på Myklebust i Ålfoten. I dag er det 4 bruk som til saman
har ca 50 kyr og ungdyr på setra om sommaren. Det er eit dieselaggregat
som skaffar straum til mjølkemaskiner og tankar, men sela er utan straum.
Vi flytter ut rundt jonsok-tider og heim att i bygda før jakta tek til
10.september. Brukarane fer på setra til fjøstid i 6-tida om kvelden,
og vanlegvis overnattar dei til neste dag og reiser heim att i bygda etter
fjøstellet om morgonen. I helgane er det alltid mykje folk på setra.
Vi får mykje fisk både på garn og stang.
Vi likar godt å ta imot besøk. Etter førhandsbestilling serverer vi rømask
og setresveler til grupper på inntil 30 personar. Sidan det tek nokre
dagar å få rømaskane ferdige, så må vi få bestilling seinast 4 dagar på førehand.
Ønskjer du å bestille servering kan du gjere det på eit av desse telefonnummera:
57795854 (97728437 i setresesongen)
57795866 (48286697 i setresesongen)
|
|