Nettavis for Svelgen-området


web counter
besøkande sidan
16.01.08

Etterlyser fører av raud bil i Bremanger

For vel ei veke sidan var det eit innbrotsraid i skular og barnehagar i distriktet. I samband med dette etterlyser politiet føraren av ein raud bil.

Kolset skule og Davik skule hadde begge besøk av ubedne gjester. Natta før innbrota i Bremanger var det liknande innbrot i Hyllestad og Fjaler og natta etter i Hellesylt og Stranda.

Også denne helga har det vore framandfolk på besøk i Davik-området og politiet i Bremanger vil i den samband komme i kontakt med føraren av ein raud bil som var i området.

- Vi vil berre vite kva ærend føraren av den raude bilen var i, seier Espen Gulliksen som understrekar at det så langt ikkje ligg føre mistanke mot nokon som helst.

Fjordenes Tidende: http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=1507650,1&lang=1

28.10.2008

So kom snøen...



28.10.2008

Julebord 2008.

Ålfoten skyttarlag inviterer til julebord på Ålfottunet

Laurdag 15.november kl 20.00.

PÅ MENYEN:

- Julemiddag

- Premieutdeling for årets skyttarprestasjonar

- Dans til musikk av MIX frå Øvre Årdal.

Billettprisen er kr. 280,- pr person.

I år prøver vi noko nytt vedr. billettsal. Billettar blir lagt ut for sal på Joker Ålfoten, og må kjøpast innan 05.november.

Vi håpar at invitasjonen også når fram til utflytta familiemedlemmar.

VI YNSKJER ALLE VELKOMNE!



26.10.2008

Uver

Det er ikkje akkurat tørt og vindstille for tida..



Har du uver-bilder? send dei til post@aalfoten.no

25.10.2008

Husk å stille klokka i natt!

Søndag 26. oktober må du huske å stille klokka tilbake ein time frå kl 03 til 02.

Går det i surr? En liten huskeregel:

Om våren vil vi ha fortast mulig sommar, derfor skrur vi fram til sommaren. Men når hausten kjem, so vil vi tilbake til sol og sommar, derfor skrur vi klokka tilbake;)

25.10.2008

Flåttsjuke utan ytre symptom

I haust er folk blitt sjuke av flåttbit utan dei vanlege symptoma på boreliasmitte. I Bremanger er minst tre personar blitt sjuke på denne måten.

Les saka på NRK

22.10.2008

Innbrot på Kolset skule

Politiet har funne spor på staden og etterforskar saka.

Les saka i Fjordenes Tidende.

21.10.2008

Folkemøte om vindkraftverk!

Noregs vassdrags- og energidirektorat- NVE arrangerer :

Folkemøte om Vindkraftverk i Bremanger og Flora kommunar
Svelgen samfunnshus 22.oktober 08 kl. 19.00
Havly pensjonat torsdag 23.oktober 08 kl. 19.00

NVE har motteke fem meldingar om planlegging av vindkraftverk i Bremanger kommune. To av meldingane varslar om vindkraftverk som strekk seg inn i Flora kommune. På møta vil aktørane orientere om prosjekta, medan NVE vil orientere om den formelle handsaminga av meldingane. Dokumenta om saken er lagde til offentleg gjennomsyn hjå Bremanger og Flora kommunar og er tilgjengelege på www.nve.no/vindkraft.
Nærare opplysningar kan ein få ved å kontakte NVE v/Sissel Jackobsen på tlf. 22 95 90 98 eller Yngvild Pernell Haugen på tlf. 22 95 90 73

Merknader til meldingane sendast Noregs vassdrags- og energidirektorat, PB 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller elektronisk til nve@nve.no innan 8.desember 08

20.10.08: meldinga om vindkraftanlegg på Bremangerfjellet er trekt tilbake. Les meir på Bremanger kommune sine heimesider.

21.10.2008

Får ikkje krevje bompengar her

Mange feil i planane for kystvegen Måløy-Florø.

- Dei har lagt opp til bompengeinnkrevjing på strekninga Stårheim - Isane som vi meiner ligg litt utanfor det aktuelle prosjektområdet. Og så ynskjer vi å gjere ei grundigare vurdering av trafikktala som ligg til grunn, seier sjefsingeniør Dina Lefdal i Statens Vegvesen.

Les meir her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6273051

21.10.2008

Mange ålfotarar omtala i boka om Svelgen TIF:

Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) utgav i 2003 ei historiebok, som omhandla laget si historie frå stiftinga i 1930. Ålfoten IL og STIF har i mange tiår hatt ei godt samarbeid om mange idrettar, som t.d. ski, skiskyting, friidrett, orientering, og fotball. I boka er dette beskrive, og mange ålfotarar/isarar er omtala i boka. Mellom anna har mange ålfotarar bidrege sterkt når STIF har gjort sine beste prestasjonar på fotballbana. Dette gjeld både aldersbestemt fotball for både jenter og gutar, og på herrelaget. Boka kosta kr 398,- då den kom ut i 2003, men er no til sals for kr. 100.

På Aalfoten.no har du no mulegheit til å lese nokre utdrag om samarbeidet mellom STIF og ÅIL, om ålfotarar som har gjort seg bemerka på idrettsbana, og nokre enkeltepisodar der personar i Ålfoten og omegn er nemnde. Du finn også ei liste over dei fleste ålfotarar og isarar som er omtala i boka. Klikk her for å lese dette.

Der finn du og kjøpsinfo om du ønsker å få tak i boka. Meir info om boka finnast også på følgande link:

http://www.svelgen.no/ITNetData/1/53.html

For Svelgen TIF
Frank Ryland




21.10.2008

Innbrot i Davik skule

Politiet fekk laurdag føremiddag melding om at det har vore gjort eit innbrot i Davik skule.

Operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser til Fjordenes Tidende at ikkje noko er stole frå skulen.

- Det har blitt brote opp ein del dører, og gjort ein del skadeverk, seier Solvåg.

Politiet vil gjere åstadgransking på måndag.

http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=1506246,1&lang=1

20.10.2008

Følskue på Breim

Sigdestads Minja vart i dag kåra som best i klassa for hoppe, som beste fjording og publikumsfavoritt! Tre fystepremiar av 3 oppnåelige.

Aalfoten.no gratulerar!



19.10.2008

Hugs haustfesten!

Det vert haustfest på Ålfottunet søndag 19. Oktober kl. 15.00. Utstillingane er opne frå kl.14.00.

Inngangsbillett:
Vaksne: 50 kr.
Barn: 30 kr.

Velkomne!

-Krunhjorten 4H-

18.10.2008

Melding frå Davik idrettslag:



18.10.2008

Influensavaksinasjon

Influensavaksinasjon i Bremanger kommune kontakt :

Fastlege ved Svelgen Helsesenter, timeavtale, tlf :57 79 64 00

Fastlege ved Hauge Helsesenter, vaksinasjon vert utført 30.10.08 etter avtalt tid, kontakt tlf 57 79 66 70

13.10.2008

Fellestrening/visning i Taekwondo på Davik

Les plakaten her. (pdf)

13.10.2008

Barnetrim

Hei,

Då prøver vi på å få i gang barnetrimmen igjen. Første trim vert onsdag 15.oktober kl 17:30-18:30, og vi satsar på trim kvar onsdag fram til påske. Tidspunktet er eit kompromiss mellom dei som ville ha det som før og dei som ønskte start kl 18:00. Evy og Lars Endre er nye sjefsopplåsarar. Elles vert opplegget som før med at foreldra i felleskap er ansvarlege for aktiviteten. Vi skal skaffe eit hefte som kan vere til inspirasjon for å finne på gode aktivitetar.

- Friidrettsgruppa -

10.10.2008

Spelemidlar 2008

SPELEMIDLAR TIL ANLEGG FOR IDRETT, FYSISK AKTIVITET OG NÆRMILJØANLEGG

Kulturdepartementet løyver kvart år spelemidlar for idrett, friluftsliv og nærmiljøanlegg.

Kven kan søkje?
Kommunar, idrettslag, samanslutningar som er organisert under Noregs Jeger-og Fiskeforbund, Den Norske Turistforening, Noregs Bilsportsforbund, Det Frivillige Skyttervesen, lutlag eller andre samanslutningar som ikkje har næring som føremål kan søkje om tilskot av spelemidlane. For nærmiljøanlegg kan også velforeiningar / grendalag og burettslag vere søkjarar.

Kva kan det søkjast om?
Det kan søkjast om tilskot til bygging og /eller rehabilitering av anlegg for idrett, friluftsliv eller nærmiljøanlegg, Det er ein føresetnad at anlegget ligg inne i kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Planen er til rullering, men dei som har sendt inn innspel kan søkje, sjølv om planen ikkje førebels er vedteken.

Kor stort er tilskotet?
Der ikkje anna er bestemt kan ein få tilskot til ordinære anlegg inkludert rehabilitering på inntil ein tredel av godkjent kostnad. Maksimal tilskotssum er kr 700.000. For somme anleggstypar er det fastsett særskilde tilskotssummar.

Nærmiljøanlegg:
Ordinære anlegg
Nærmiljøanlegg er anlegg eller område som er lagt til rette for eigenorganisert fysisk aktivitet, gjerne i tilknyting til bustad- og eller opphaldsområde. Er kostnadsramma mellom kr 400.000.- kr 80.000,- er det ein føresetnad at anlegget ligg inne i kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Her kan det bli gitt tilskot på inntil 50 % av kostnadssummen.

Mindre kostnadskrevjande anlegg:
Mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg er anlegg med ein godkjent kostnad inntil kr 80.000,-. Den nedre grensa for å kunne søkje er 20.000. Det blir gitt tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad. Dette er anlegg som det kan søkjast om tilskot til gjennom heile året, og som ikkje treng stå i kommunedelplanen.

Søknadsskjema med rettleiing:
Søkjarar finn søknadsskjema på nettsida www.idrettsanlegg.no

Her ligg og lenker til relevante publikasjonar.
Søknadsfrist for anlegg i Bremanger kommune er 15. november 2008.

Til dei lag og organisasjonar som ønskjer det, vil Kulturkontoret halde informasjonsmøte om elektronisk søknad på spelemidlar i Formannskapsalen på rådhuset onsdag 29. oktober klokka 12.00

Espen Frøysland
Bremanger kommune
Kultursjef

9.10.2008

Skyttarjulebord

Julebordet for medlemmane i Ålfoten skyttarlag vert

Laurdag 15 november kl 2000

Musikk av MIX. Innbydelsane kjem i posten når det nærmar seg.

8.10.2008

Søndagskafe

Velkomne til søndags-kafè på Ålfot-tunet 12. oktober frå 16.00 - 18.00.

- Det vert kake-buffèt med innslag av gjærbakst, kaffi og saft.

- Bordkonkurranse

-Det vert trekking av nærtrimorienteringa ca kl 1700

Pris for mat og drikke:
-   Vaksne: 50 kr
-   Barn over skulealder: 30 kr

Kafeen vert i gymsalen, så det er god plass til mykje folk og barnevogner

Ta med familie og vener og møt andre kjende på kafe!

Velkomne!

-Gro-

8.10.2008

Husa på Røst

Mykje ein snublar over når ein tar et lite søk på "Ålfoten".

Ingeniørbustadane på Røst i Ålfoten

6.10.2008

Haustbilder



- Hilde Myklebust -

6.10.2008

Ålfoten kyrkje

Fylkesarkivet har ein artikkel om kyrkja.

Les artikkelen her.

5.10.2008

Jaktbilder


- Leif Midthjell -

3.10.2008

HAUSTFEST

Det vert haustfest på Ålfottunet søndag 19. Oktober kl. 15.00. Utstillingane er opne frå kl.14.00.

Inngangsbillett:
Vaksne: 50 kr.
Barn: 30 kr.

Velkomne!

-Krunhjorten 4H-

3.10.2008

Barnetrim

Friidrettsgruppa har hatt ute spørjeskjema til dei aktuelle foreldra for å sjekke interessa for å halde fram med barnetrimmen. Til trass for få tilbakemeldingar, ser det ut til at det kan blir mange nok ungar til at det er verdt å halde fram. Ut frå svara på spørjeskjemaet ser det ut til at oppstart etter haustferien og avslutning til påske passar best. Oppstart av barnetrimmen igjen blir difor onsdag 15.oktober. Kjem tilbake med nærare informasjon om ei vekes tid.

mvh
Friidrettsgruppa

30.9.2008

Bygdebakaren

Hei.
Bygdebakaren måtte desverre ta pause pga sjukdom. Vi hadde mange kundar etter berre så lita tid i markedet. Er her nokon som kan tenkje seg å starte med baking er det berre å ta kontakt så tar vi ein prat og prøvar å få det til. Denne type verksemd er liv laga. :)

Frode Vik

30.9.2008

Bråtane fjordferie

Bråtane fjordferie har ei topp moderne leilighet til leige i Ålfoten.

Helgeleige eller vekeleige.

Leiligheta er fullt møblert.

Ta kontakt med Frode på tlf 91749939.Mail:frode.vik@enivest.net

30.9.2008

Bokbussen kjem til Ålfoten torsdag 2. oktober.

I haust skal vi køyre bokbussruta også til Davik og Kalvåg, difor kjem vi tidlegare til Ålfoten. Den blir ståande ved skulen mellom kl. 9.30 og 10.30

Alle er velkomne på bussen, det er ikkje berre eit tilbod for oppvekstsenteret, sjølv om vi står parkert der. På bokbussen kan du velje mellom ca. 4 000 bøker for både barn og vaksne, du kan låne lydbøker og CD-plater, reservere det som er utlånt og få lesetips og hjelp av personalet.

Illustrasjonsfoto: Bokbussen på veg til Ålfoten

(foto: Randi Tveit Solheim)

30.9.2008

Prix regionsleikar - Resultat

Resultata finn du i Firda:
http://www.firda.no/sporten/resultat/article3815794.ece

29.9.2008

Prix regionsleikar

9 spreke deltakarar frå Ålfoten IL har i dag vore på Prix Regionsleikar i friidrett på Sandane. Linn Kristine, Jørgen, Tor Kristian, Joachim, Sandra, Anne Marte, Amalie, Preben og Kristin deltok alle i 60 m, lengde og liten ball. I tillegg var Amalie, Sandra, Preben og Jørgen med i 4x60 m stafett. Mari skulle også ha vore med, men ho var dessverre sjuk. Både innsats og humør var på topp. Det vart mange personlege rekordar, og vi fekk også ein 1. plass, ein 2.plass og to tredjeplassar. Alt i alt ein fin dag.



28.9.2008

Trossene var kutta

Det flytande hotellet som ligg i Svelgen sleit seg og dreiv i land natt til laurdag.

NRK sfj: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6237414

27.9.2008

Invitasjon til oppfriskingskurs

Bremanger eldreråd inviterer til oppfriskingskurset Bilførar 65+. Kurset går over 12 timar à 4 timar pr dag. I tillegg får du tilbod om å vere med trafikklæraren på ein køyretur på Nordfjordeid. Det er valfritt om du vil være med som sjåfør eller som passasjer.

Ingen eksamen

Kurset omhandlar m.a. vikeplikt, rundkøyring, lyskryss, motorveg, lys og lysbruk, forbikøyring, parkeringsreglar

Stad: Kommunestyresalen på Rådhuset
Kursdato:3.- 10. - 17. oktober klokka 11.00
Pris: kr 700,-
Betalast kontant 1. kursdag

Påmelding til:
Servicekontoret
Tlf 57 79 63 00
Enkel servering

Vel møtt til Bilførarkurs 65+

Bremanger eldreråd

26.9.2008

Støtte til Joker

Fire nærbutikkar i Flora kommune og ein i Bremanger har fått tildelt 40.000 kroner kvar i utviklingsstøtte frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Firdaposten: http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3806957.ece

24.9.2008

Fin haustdag i føre


24.9.2008

Oliver Twist

Teaterframsyninga Oliver Twist av Charles Dickens har no hatt premiere i Førdehuset og fått strålande kritikk. Stykket handlar om Oliver som veks opp på eit fattighus og som kjempar for å overleve i 1800-talets London. Stykket er ei familieframsyning som passar for barn frå 7 år og oppover, men stykket har appell til alle generasjonar. Dette er den største satsinga til Sogn og Fjordane Teater fram til no.

Stykket blir vist i Svelgen samfunnshus fredag 31.oktober klokka 18.00. Ettersom teateret brukar mesteparten av salen til kulisser er det knapt med plassar.

Billettsal på servicekontoret i Rådhuset.
Pris kr 200
Barn/Honnør/gruppe kr 120. Går 5 personar i lag og kjøper billett under eitt oppnår ein grupperabatt.

- Kulturkontoret -




Meir informasjon her: http://www.softeater.no/default.asp?menu=184&page=1



24.9.2008

Gratulerar!

Gratulera med eit godt resultat på di fyste jakt med våpen, Martine!


Trykk for større bilde.



Sjå og i Firdaposten:
http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3797964.ece

19.9.2008

Naturen er ein fantastisk kunstnar

Foto: Rune Ripe



17.9.2008

Rogier van Oorschot i Dagbladet

Norge seiler opp som en av verdens mest populære kajakkland. Dagbladets reporter inntok Ytre Nordfjord i en kajakk for aller første gang.

http://www.dagbladet.no/dinside/2008/09/13/546649.html

17.9.2008

Det er ikkje alt som er like bra...

Det er ikkje alt som er like bra etter kraftutbygginga i fjella rundt Ålfoten.

Foto: Rune Ripe



17.9.2008

Ledig stilling

ÅLFOTEN OPPVEKSTSENTER - ASSISTENT
Ved Ålfoten barnehage er det ledig 80 % vikariat som assistent i perioden f.o.m. 01.11.08 t.o.m. 31.10.09.

Nærare informasjon får du ved å kontakte driftssjef Eldbjørg Aske Myklebust, tlf.: 57795864.

Søknadsfrist: 13. oktober 2008

Søknad skal sendast til:

Bremanger kommune
Løns- og personalavdelinga
Postboks 104
6721 Svelgen

16.9.2008

Stell av hjortekjøt

Hjortejakta er godt i gang i dei fleste jaktlaga. No står vel godt stell av kjøtet på programmet. I den samanheng vil det vere bra med litt info. www.matportalen.no har ein artikkel som advarar gravide mot å stelle kjøt frå hjortevilt.

artikkelen finn du her:
http://matportalen.no/artikler/2007/9/gravide_bor_ikke_haandtere_slakt_fra_hjortevilt

Tips frå Anne-Helene 16.9.2008

10 september...

Dei fleste veit vel kva det vil seie? Hvis ikkje so er vel bildet under ei god forklaring?

Lykke til og far fint åt!



10.9.2008

Bygdakveldkomite 2008:

Veronica Elde
May-Helen Vik
Ingunn Bruvoll
Gunnvor Myklebust  
Ellen Sandal
Gunn Midthjell
Kari-Anne Hansen


Anders Midthjell
Kristian Midthjell
Reidulf Myklebust
Kjell Magne Mettenes
Ole Morten Førde
Kjell Sandal
Leidulf Isene


Vara:
Nina Ø. Vik
Kristin Vik
Sonja Førde
Berit Myklebust

Kim Vik
Mats A Midthjell
Frode Sagebø
Henning Verlo


Veronica kallar inn til møte.

10.9.2008

Julebordskomite 2008:

Sonja Kristin Førde  
Eldbjørg Myklebust
Anne Britt Førde
Astrid Midthjell
Arne Rebni m/følge
Kathrine Førde
Anders Midthjell


Karl Vidar Førde
Brynjar Myklebust
Roar Førde
Kjell Borgund

Kim Vik



Varafolk:
Anne Kristin Selvik
Anja Bruvoll
Nina H. Elde
Asbjørg Elde
Bjarte Vik
Kristian Midthjell
Kari-Anne Hansen

Dag Eikenes
Kjetil Dreyer
Ole Elde
Egil Hunvik





Sonja og Karl Vidar kallar inn til møte.

10.9.2008

Hornmusikkøving

Hornmusikkøvinga onsdag 17. september vert avlyst. Denne vert erstatta med ei øving søndag 23. november.

- styret -

9.9.2008

Søndagskafe

Velkomne til søndags-kafè på Ålfot-tunet 14. september frå 16.00 - 18.00.

Det vert kake-buffèt, sal av måla tre-artiklar og bordkonkurranse.

Pris for mat og drikke:
-   Vaksne: 50 kr
-   Barn over skulealder: 30 kr

Ta ettermiddags-kaffien på kafè og få ei hyggjeleg stund saman med familie og vener!

-Gro-

8.9.2008

Øvingsplan for 5.klasse, hausten 2008

På medlemsmøtet i hornmusikken vart det bestemt at 5.-klassingane skal ha ei eiga øving i Ålfoten i staden for å delta på fellesøvingane på Davik. Revidert øvingsplan for 5.klasse blir då slik:

Onsdag
Fredag
Onsdag
Fredag
Onsdag
Fredag
Onsdag
Fredag
Onsdag
Fredag
Onsdag
Fredag
Onsdag
Fredag-Søndag
Laurdag
Søndag
03.sep
12.sep
17.sep
26.sep
01.okt
10.okt
15.okt
24.okt
29.okt
07.nov
12.nov
21.nov
26.nov
5.-7.des
20.des
21.des
19-20:30
17:45-18:45  
19-20:30
17:45-18:45
19-20:30
17:45-18:45
19-20:30
17:45-18:45
19-20:30
17:45-18:45
19-20:30
17:45-18:45
19-20:30
Seminar
Øving
Julekonsert
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Ålfoten
Davik
Davik


På onsdagsøvingane i Ålfoten møter både korps og aspirantar.
Fredagsøvingane er berre for 5.klasse.

- styret -

8.9.2008

Heimflytting

Torsdag var det slutt på setresesongen for i år. 30 jagarar sørga for at 60 kyr og kalvar kom vel heim.



5.9.2008

Gratulerar!

Gratulerar med 22-årsdagen, Renate!

Helsing Bjarte, Juliane, Tone og Monika

3.9.2008

Nærtrim-orientering

No samlar vi inn postane på nærtrim-orienteringa for i år.

Hugs å lever inn klippekortet ditt til Magnhild eller Gro før 20. september. Vi oppmodar alle som har klipp på kortet til å levere inn sjølv om det ikkje er fullt.

Oppslag om trekking av premiar vil kome seinare.

2.9.2008

Vellykka kulturhelg i Davik

DAVIK: Kultur, historie og borneleik var noko av det Davik kunne by på i helga.

http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3754789.ece

1.9.2008

Folkefest under Nordgulen Høgt og Lågt

At Svelgarar er eit sporty folkeferd levnar det ingen tvil om

http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3754198.ece

1.9.2008

Bokbussen kjem til Ålfoten torsdag 4. september.

I haust skal vi køyre bokbussruta også til Davik og Kalvåg, difor kjem vi tidlegare til Ålfoten. Den blir ståande ved skulen mellom kl. 9.30 og 10.30

Alle er velkomne på bussen, det er ikkje berre eit tilbod for oppvekstsenteret, sjølv om vi står parkert der. På bokbussen kan du velje mellom ca. 4 000 bøker for både barn og vaksne, du kan låne lydbøker og CD-plater, reservere det som er utlånt og få lesetips og hjelp av personalet.

Illustrasjonsfoto: Bokbussen på veg til Ålfoten

(foto: Randi Tveit Solheim)

1.9.2008