Sara Meijer
Familien min og eg flytta fra Nederland til Ålfoten for 4 år sidan.
Vi kjøpte og pussa opp eit veldig flott hus og vi trivst godt, mykje takka vere folk som bur her!
Naturen i Noreg er både dramatisk, romantisk og alt anna.
Alt det finn eg i Ålfoten, som er veldig inspirerande for ein kunstnar som ikkje har kun éin stil!
Den eine dagen trivst eg medan eg målar/teiknar ’pinlig’ nøyaktig,
medan eg den andre dagen jobbar meir kraftig, romslig og impresjonistisk. Eg jobbar alltid med fleire ting samtidig...
…dersom eg ikkje jobbar for Bremanger Kommune som avlastnings-assistent eller i kulturskulen som lærer i kunstfag og piano.
Eg er veldig heldig. Eg får jobbe med det eg likar best, og kan leve etter mottoet mitt:
”Vær deg sjølv, det finnes nok andre!”
Alle er unike og har rett til å utvikle seg og trivst.
Mine kunstfag-elevar har óg sin eigen stil, utfordringa mi er å tilby dei forskjellige materiale og emne,
i tillegg til rom for å finne sin eigen personlige måte å kreere. Eg veileder berre litt og gir tips og råd underveis.
Vi har det veldig moro, og det skal vere moro å kreere!
På mi eiga webside fins det bilder av elevane frå Svelgen skule.
Eg får ikkje til å forklare kor deilig det er å bli eitt med det eg jobbar med,
slik at eg gløymer alt rundt meg
(må stille vekkarklokka når eg skal nå ei avtale ;) )
Og resultatet? Eg er sjeldan 100% fornøgd, men ein seier jo at det er ein kunstnars ’handikap’... aldri heilt ferdig!
Eg tar gjerne imot oppdrag.
Ring for (uforpliktande!) informasjon og ta deg ein tur på websida mi. Dette er ei nederlandsk webside, men eg har skrive noko på norsk og.
Vennleg helsing
Sara Meijer
Mob.nr: 48 05 16 56
Webside: www.sara.exto.nl