|
|
||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
Framsida
Bildearkiv Bilder av Ålfoten Om sida Om Ålfoten Turløyper Sigdestadneset Praktisk info Lag og organisasjonar Næring Kjøp og sal Linkar Gjestebok Arkiv Ålfoten kyrkje 400 år nytt Webkamera Kinoprogram Vegkamera i dalen
|
Har du fått ski til jul?!![]() No kan du ta turen ut i dalen og teste dei. Begge løypene er oppkøyrde i dag:) 28.12.2009 JaktfestFørde Jaktlag inviterar til jaktfest på Ålfottunet 23. januar kl. 20.00.Vi håpar at alle, m/ledsager, frå alle husstandar i Ålfoten og på Isane tar turen til Ålfottunet denne kvelden. Aldersgrense 15 år (i følgje med føresette/foreldre) Menyen vil bestå av hjortegryte med tilbehør og påfølgande dessert. Jens Petter Dyrdal (vokalist i Kruttrøyk) vil spele opp til dans. Det blir moglegheit for forfriskningar i "jegerbaren" Billettprisen er sett til kr. 180.00 Har Du ei god jakthistorie/skrøne å komme med på kvelden, er Du hjartleg velkomen til det. Vi må ha minimum 60 deltakande for at festen skal bli arrangert! Jaktsjefane må syte for at alle som ikkje er heimebuande i Ålfoten, får invitasjon til festen. Påmelding via sms eller tlf. til Karl Vidar Førde 90780743 eller liste på butikkjen innan 13. januar. 28.12.2009 NyttårskonsertFlora - Bremanger Brassband held tradisjonen tru nyttårskonsert i Svelgen!De får høyre mellom anna; * Kronprinsparets bryllaupsmarsj * My way * Millenium * Theme from Rocky Ta turen for å høyre sølvvinnarane av NM i brass 2009! Svelgen Skulemusikk vil også spele nokre nummer Billettprisar Vaksne: 100 kroner Barn under 12 år: 50 kroner Det blir servert Canapeer og forfriskningar i pausen inkludert i prisen! Dato: 2. Januar 2010 Klokkeslett: 1930 Stad: Svelgen Samfunnshus Velkommen til ein minnerik og fin konsert! 28.12.2009 Svelgen hotell 2. juledagDet vert buss til hotellet 2. juledag.Det vil koste 150 pr pers. Det hadde vore greit å vete sånn ca kor mange som vert med, gje en lyd til Ingebjørg (48 11 87 85) eller Monika (99 48 73 89) så fort som mulig:) Bussen går frå skulen ca 21.45 24.12.2009 BYGDAKVELD!Minner om bygdakvelden den 30.12.09!Påmeldingsfristen er ute, men vi utvidar fristen litt og håpar på at fleire melder seg på. Lista blir liggande på butikken måndag 21. og tysdag 22.desember. Dessutan tek Randi Midthjell framleis i mot påmelding på telefon denne veka. Mob: 91 12 10 06. Helsing frå komiteen. 21.12.2009 4H-nissar på butikken4H-nissar på butikken fredag og laurdag.Foto: Gro Myklebust 17.12.2009
14.12.2009 VegkameraVegkameraet i dalen er kome i drift. So no kan du sjekke føret i dalen her:http://vegklima.vegvesen.no/ny_galleri.aspx?namn=langesi&bilde=bilde1.jpg Fleire kamera kan du sjå på http://vegklima.vegvesen.no/bgalleri_public.aspx 14.12.2009
14.12.2009 BarnetrimSiste barnetrim før jul vert 16. desember.9.12.2009
5.12.2009 Milliardkontrakt til Elkem BremangerElkem Bremanger inngjekk fredag si største kontrakt nokon sinne: ein seksårsavtale om levering av silisium til Mitsubishi, til ein verdi av 1,5 milliardar kroner.http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article4743253.ece 5.12.2009 FotballtreningDet vert ikkje fotballtrening fredag 4. desember.4.12.2009 Målet nærmar seg for vekeavis i Bremanger Tredje desember mangla det 423 abonnentar til ein er oppe i det tingar-talet
som er naudsynt for at Bremanger Budstikke skal kome ut som vekeavis.
Grunnen til at initiativtakar – Geir Nybø – har sett 1000 abonnentar som ei
grense for oppstart, er at avisa då kvalifiserer for pressestøtte, når avisa
samstundes kjem ut som vekeavis.
Då eg starta å teikna abonnement, for om lag 4 veker sidan, byrja vi på null. Då verka det langt fram til 1000. Men dagleg kjem det om lag 20 nye. Så lenge talet på 20 nye kvar dag held seg, verkar det mogeleg å nå opp til 1000, sjølv om det antakeleg er lettare å få dei fyrste 500 enn dei neste 500, seier Geir Nybø, initiativtakar bak Budstikka. Geir Nybø er spent på om folk vil tinge avisa som julegåve. I dag var det 2 som tinga Budstikka som julegåve, og eg håpar ”rushet” kjem snart. Dersom det kjem nye tingarar i minst same takt i vekene framover, er det meir og meir sannsynleg, for kvar abonnent som kjem på plass, at avisa vert start i 2010. Dreg det for langt utover i 2010, må ein vente med å setje i gong til 2011, for då vil ein ikkje klare 48 utgåver, som er kravet for å oppnå pressestøtte, fortel Nybø. Ein kan tinge abonnement på SMS/telefon nr 90119388 eller på: bremanger.budstikke@gmail.com Fyrste utgåve av avisa kan du lese her. 4.12.2009 BarnetrimI desember vil barnetrimmen vere ifrå 17.00-18.00,pga adventskalendaren på tv:) 30.11.2009 Julegåvetips!
Tlf: 99 48 73 89 Perfect Home: www.perfecthome.no Katalogen: http://perfecthome.mediabook.no/1/ Eg skal sende ei bestilling søndag kveld, dette blir sannsynligvis den nest siste som vert levert før jul. Gje en lyd om du vil bestille noke:) 27.11.2009 Julebordet startar 19.30!..ei lita påminning;)21.11.2009 Ein kald dag i novemberRune har teke mange fine novemberbilder:)
Alle bilda finn du her: http://runeripe.blogspot.com/2009/11/en-kald-dag-i-november.html 18.11.2009 Kino i desemberVi er so heldige at vi har fått to storfilmar tilÅlfoten i desember. Kinoane vert søndag 13 desember.
18.11.2009 VAKSINASJON MOT SVINEINFLUENSAGjeld Davik og Ålfoten skulekrins:Barn frå 6 mnd til og med 4. klassesteg kan møte fram og få vaksine på Svelgen helsestasjon: ONSDAG 18.11.09 KL. 12.00 - 19.30 TORSDAG 19.11.09 KL. 09.00 - 14.45 Ta med personnummeret til barnet. Vaksina er gratis for barn. For meir informasjon, sjå Bremanger kommune si heimeside. 17.11.2009 Nei til skulekuttSenterpartiet i Bremanger vil ikkje legge ned skular.http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article4708169.ece 16.11.2009 StraumstansOnsdag 18 og torsdag 19 vert straumen utkopla i før(d)e frå kl 0830-1600.Fredag 20.11 vert straumen utkopla i heile bygda frå kl 09.00-09.30. 16.11.2009 KORØVING!Hugs korøvinga måndag den 16.november kl.20.00!- Ålfoten Blandakor - 16.11.2009 Usamd med ordførarenAnita Nybø, leiar i Senterungdommen i Bremanger, er skuffa over ordførar Kåre Olav Svarstad som hevdar at lokalsjukehuset for innbyggjarane i Bremanger ligg i Førde.http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=1575897,1&lang=1 16.11.2009 Oljefunn gir håp i BremangerDet tyske selskapet Verbundnetz Gas (VNG) skal ha gjort eit drivverdig funn av olje og gass rett vest av Bremangerlandet. Det kveikjer håpet om ilandføring i Smørhamn.http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article4706935.ece 16.11.2009 StraumstansTorsdag 12. november frå 8.30-16.30. Straumen vert utkopla frå Sigdestadtil og med Myklebust. Det vert køyrt aggregat på skulen. I tillegg vert det ei kort utkopling på inntil 1/2 time kl 8.30 og ca kl 16.30 for heile Ålfoten. 11.11.2009 Treng sjukehus i NordfjordEspen Gulliksen i Bremanger Arbeidarparti er ikkje like klar som partikollega,Kåre Olav Svarstad, på at lokalsjukehuset for Bremanger ligg i Førde. http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=1575408,1&lang=1 11.11.2009 Juletrefestkomite 2009Nina ØdegårdAnne Kristin Midthjell Ann Olaug Mettenes Bjarne Lunde Frode Sagebø Torgeir Bruland Vara: Anne Kristin Selvik Sonja B. Førde Henning Verlo Kjetil Dreyer Nina Ødegård kallar inn til møte. 11.9.2009 Avlyst hornmusikkøvingHornmusikkøvinga no onsdag er avlyst.9.11.2009 Utforkøyring i ÅlfotdalenBilist mista kontrollen på glatta ved Dalsetevatnet.http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article4693162.ece 8.11.2009 Julebord -09Påmeldinga til julebordet er svært lav.Dersom det er fleire som vil melde seg på har vi utsett fristen til onsdag 11. Då må vi levere bestillinga på matvarene Komiteen håpar at fleire vil kome. 8.11.2009 Kino - Fredag 13.11.
8.11.2009 "Stem fram klubben i ditt hjerte"http://www.dagbladet.no/a/8859595/?id=14380008&fylke=147.11.2009 Målet er å vinneElevane frå Davik går for siger under konkurransenFirst Lego League på Eid i helga. http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=1574890,1&lang=1 7.11.2009
5.11.2009 ÅRSMØTE I ÅLFOTEN SKYTTARLAGDET BLIR NYTT ÅRSMØTE ONSDAG 18.11.09 KL 19.00 I ÅLFOTEN SKYTTARLAG.VI OPPFORDRER ALLE VÅRE MEDLEMMER OM Å MØTE OPP. STYRET ÅSKL 5.11.2009 Bjarne Lunde utfordrar FylkestoppenEg blir no utfordrar på fylkestoppen fra den 05.11.09 med melodien Somebody,Kan stemme på nett fram til fykestoppen den 12.11.09. Under sending så kan man stemme sms. La jungeltelegrafen gå, Bruk stemmeretten, oppfordrar Bjarne Lunde! 4.11.2009 Bokbussen kjem til ÅlfotenTorsdag 5. november.Den står ved oppvekstsenteret mellom kl. 13.00 og 14.00. Alle er velkomne til å låne bøker på bokbussen! Om bokbussen: http://bibliotek.bremanger.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=226&back=1&MId1=310&MId2=289 4.11.2009 KORØVING!!Vi treng manns-stemmer til koret vårt!!! Håpar DU kan vere med!Neste korøving er måndag 9.november kl. 20.00 Ålfoten Blandakor 3.11.2009 Broadway kjem til Bremangerogdet skjer til helga!!Laurdag 7. november 2009 og søndag 8. November 2009 vil Bremanger Kammerkor og Svelgen Songlag m/fl ha ei heftig framføring av ein medley på Broadwaymelodiar som ein hyllest til 100-års jubileet for Broadwayteateret.Konserten blir i Bremangerhallen laurdag 7. Kl 18.00 og Svelgen Samfunnshus søndag 8. Kl 16.00 I tillegg til korsong, vert det innslag av barnesolistar, dansarar frå kulturskulen, solodans, forteljarar og solistar frå begge kora. Orkesteret er sett saman av musikarar frå kommunen og andre profesjonelle musikarar frå distriktet.
Arr. Bremanger Kammerkor og Svelgen Songlag 2.11.2009 Thorhild Bruland 9 år
1.11.2009
ARKIV:
2009 Januar og februar. Mars og april. Mai og juni Juli og august September og oktober November og desember 2008 Januar og februar. Mars og april. Mai og juni. Juli og august. September og oktober. November og desember. |
|
||||||||||||||