Ca 1 time kvar veg.
Raude merker på tre opp til tregrensa
NB! Det er berre merka veg oppover.
Smia ved Sagevollen som vist på biletet nedanfor til venstre
I starten fyl turløypa ein traktorveg opp til ei kvie. Vidare går vegen langs ei steinfylling over kvia
til pilene startar i skogkanten. Etter utgjerdsledet fyl turstien ein skogsveg i ca ein halv time.
På enden av skogsvegen svingar løypa til høgre og går ganske bratt rett oppover bjørkelida.
Eit sentralt kjennemerke på vegen til toppen er den gamle og tørre Kari-/Karolinafura som står
i nedkanten av ei lita myr. Etter denne fura fyl turstien fjellryggen til toppen.
Sigdestadnakkjen er eit fjell som ligg for seg sjølv så det opnar ikkje for lengre turar oppover.
Men det er fint å gå langs med toppen av fjellet til ytste kant og kome ned ved Myklebustsetra,
eller ein kan gå den litt kortare og brattare vegen ned til Sigdestadbrua.
Frå Nakkjen er det ei nydeleg utsikt over bygda og fjorden, men og ut gjennom Myklebustdalen.
Det er ikkje noko vatn på Sigdestadnakkjen, og det er dårleg med elvar undervegs.
På toppen ved varden er det ei bok der du kan skrive deg inn.
Det har og dei siste åra vore ein orienteringspost på toppen av Sigdestadnakkjen.