Langesjø Hyttegrend er eit anlegg med høgstandard hytter i Myklebustdalen i Ålfoten. Her er det høve til ro og rekreasjon både sommar og vinter. Hyttene ligg i eit fint turterreng. Om sommaren er det høve til ferskvassfiske i fjellvatn, og om hausten er det sesong for hjortejakt. Om vinteren er her flott skiterreng med lysløyper eit steinkast unna.

Om hyttene:

Storleik: 70 m2
8 soveplassar
Bad m/ dusj og sauna
2 soverom
Hems
Stove m/ vedfyrt omn
Godt utstyrt kjøken
Varmekablar i alle golv i 1. etg.
Stor uteterasse med grill

Dei som bur i hyttene kan fritt disponere båt i Langesjøvatnet, og det er høve til å leige garn for bruk i dette vatnet. Viss de ønskjer å fiske i sjø, er det mogleg å leige båt og fiskeutstyr i Ålfoten.

Kontaktinformasjon

Langesjø Hyttegrend er eit fellesprosjekt for alle grunneigarane på Myklebust. Hyttene er bygde på dugnad, og ansvaret for drifta av hyttegrenda går også på omgang.

For bestilling eller spørsmål ta kontakt på ein av følgjande måtar:

Telefon:
Langesjø Hyttegrend
97 47 01 41
E-post:
ahm.langesjo@enivest.net

Prisar

Høgsesong (skuleferiar):
1000 kr/døgn

Resten av året:
900 kr/døgn

Vi gjev rabattar ved leige i fleire døgn, så ta kontakt for tilbod.

Vask: 500 kr/hytte

I hjortejakta leiger vi ut eige jaktvald og høve til å vere gjestejeger hos Myklebust jaktlag i samband med opphald ved hyttegrenda. Ta kontakt for nærare informasjon.

Velkomen til friluftsopplevingar i Myklebustdalen!

Bilder frå Langesjø:
Trykk på bildet for større versjon