Trykk på bilda for å forstørre dei.









Er Ålfoten kyrkje 400 år i år?

Tida går fort, kanskje spesielt i Ålfoten. Ålfoten kyrkje feira 300 års jubileum i 1978. Den muntlege tradisjonen som lever i bygda var allereie den gongen ikkje heilt nøgd med alderen til jubilanten. Om kyrkja var ny i 1678, kvifor er då tømmeret i veggane øksa når sag i Ålfoten var på plass alt i 1640? Det finnes ikkje alt for mange skriftlege kjelder, men ei av dei fortel at det blei gjort ei omfattande reparasjon av taket i kyrkja i 1678 og ver-hanen vart sett på møne i dei tider. Ei annan skriftleg kjelde seier at Ålfoten kyrkje er frå 1620. Den muntlege tradisjonen i bygda seier at kyrkja blei bygd i 1610.

Soknerådet har satt i gong arbeid med å bestemme alder på kyrkja. Det heiter dendrokronologi på fint og så langt eg veit har ikkje dette vore gjort før med Ålfoten kyrkje. Vi fekk tips frå Riksantikvaren om dette, med ynskje om å verte oppdatert om vi finn ut at kyrkja er eldre enn 1678. Det skal takast prøver av tømmeret som så vert analysert og får ein tatt gode nok prøver, kan ein finne ut heilt nøyaktig når ein stokk vart hoggen.

Uansett kva resultat dendrokronologien syner, så vil soknerådet at vi feirar den muntlege tradisjonen i år. Vi har sett jubileumsdato til pinsehelga 22-23 mai. Laurdag 22 mai planlegg vi ein kveldskonsert i kyrkja. Det er skipa eit jubileumskor som deltek i feiringa både i Ålfoten og seinare til hausten når Svelgen kapell skal feire 50 års jubileum. Pinsedag 23 mai kl.11 planlegg vi festgudsteneste i og utanfor kyrkja. Vi reknar med at det vert ein del folk som vil kome, så om veret held seg nokon lunde, set vi ut stolar og benkar på parkeringsplassen, riggar til storskjerm og lydanlegg ute, slik at alle kan fylgje med på det som skjer inne i kyrkja. Kanskje nokre innslag i gudstenesta kan vere ute og. Vi vil prøve å få til live-overføring av gudstenesta til internett, slik at ein kan fylgje gudstenesta direkte ved å logge seg på ei nettside. Vi har ein jobb å gjere for finne den best tilpassa løysinga i forhold til budsjett og eventuelle ekstraløyvingar eller gåver som måtte dukke opp i høve jubileet. Etter gudstenesta blir det jubileumsfest på Ålfottunet klokka 13.30. Etter kvart som detaljane kjem på plass vert dei lagd ut her på denne sida.

Soknerådet har skipa fleire komitear som skal arbeide med ulike delar av arrangementet og dei vil knytte til seg folk etter som dei finn at dei treng det.

På inntektsida planlegg soknerådet å gje ut frimerker i samarbeid med Eid frimerkeklubb. Eit av merka er ei teikning av Ålfoten kyrkje. Det andre eit bilete av interiøret i kyrkja. Ein kan kjøpe desse frimerkene anten i små hefter eller påklistra ei motivkonvolutt. Frimerkene får ein pris på 25 kr pr. stk og vi lagar til saman berre 500 frimerker, så desse frimerkene kan få ein bra samleverdi.

Kva er vel eit kyrkjejubileum utan eit jubileumskriv, så det vert trykt opp eit hefte for sal. Detaljane vert lagd ut her ettersom dei kjem på plass, så fylg med.

Skisse av programmet så langt:

Laurdag 22 mai
jubileumskonsert på kveldstid

Sundag 23 mai
1100 Festgudsteneste v/biskop Halvor Nordhaug, prost Rolf Schanke Eikum og inviterte prestar
1300 Jubileumsfest på Ålfottunet

Velkomen til Ålfoten i pinsehelga

for Ålfoten sokneråd
Tommy Erdal
sokneprest


Du kan abonnere på denne sida ved å legge til eit levande bokmerke, RSS, ved å trykke her: