Oversikt over opa kyrkje 2008
Ålfoten kyrkje er den eldste trekyrkja i Nordfjord. Sjølv om det på vimpelen på kyrkjetaket står 1678, er ein no sikker på at 1610 er det rette byggjeåret.
Kyrkja er eit typisk eksempel på 1600-tals kyrkjer, men det er ikkje mange av desse kyrkjene som står att.
Ein veit ikkje kven som bygde kyrkja.
Det kan ha vore ein av dei mange faste kyrkjebyggjarane som reiste rundt, eller kunne vere folk frå bygda som sto for arbeidet.
Då det i 1978 vart feira 300-års-jubileum, vart kyrkja restaurert.
Mykje tyder på at det tidlegare har stått ei stavkyrkje om lag på same staden.
Altartavla er frå 1600-1620, og har vore (over)måla i 1767. I biletfelta er det katekismeord nedst og stjerner på blå botn over. Det er også stjerner i toppfeltet som ikkje er synleg frå sjølve kyrkjerommet.
I kyrkja finst det eit reisealter frå mellomalderen, ei steinplate i ei treramme. Dette vart nytta til gudstenester der ein ikkje hadde kyrkjehus. Det er berre nokre
ganske få att av slike i Noreg. Reisealteret i Ålfoten kyrkje har vore der sidan kyrkja var ny.
Kyrkjeklokka som er frå mellom-alderen, har bilete av Maria og Jesusbarnet. Berre nokre ord av inskripsjonen på klokka er
Leselege: Ansgard og Ave Maria.
Ein ringjer med klokka ved å trekkje i eit tau som heng ned bakerst i kyrkja.
Sidan ho heng på loftet og ikkje i eit tårn, kan ein ikkje høyre klokka i Ålfotkyrkja særleg langt.
Kyrkja er bygd av solid tømmer som ser ut til å vere hogge til med øks.
Det er lite av inventaret som er måla.
Utanom altartavla er det berre preikestolen som er måla.
Han er også svært enkel og utan ornament og truleg frå 1678.
Døypefont og dåpsfat er frå 1683.
Fatet er i messing og var ei gåve frå soknepresten Povel Glad. Stativet som fatet står i, er ein enkel jernring som kan slåast opp på veggen når døypefonten ikkje er i bruk.
I 1990 vart det innkjøpt nytt orgel til kyrkja. Det er eit enkelt orgel med 5 stemmer som står plassert i den fremste benken i kyrkjerommet.
Folket i Ålfoten er svært stolte av kyrkja sjølv om det ved store høgtider vert trangt om plassen.
”..Av fedrars bruk du merke ber,
av fotefar du sliten er,
men likevel du er oss kjær..”