Nettavis for Svelgen-området


web counter
besøkande sidan
16.01.08

Treningar Hausten 2009

Vi legg opp til desse treningstidene i haust:

Måndagkl 17-18Idrettsskule1.-4.klasse
Tysdagkl 20-21Aerobic/sirkeltrening    Frå ungdomsskulealder
Onsdagkl 17-18BarnetrimUnder skulealder
Torsdag   kl 18.30-19.45   Friidrettstrening5.-10.klasse


Friidrettstreninga og aerobic/sirkeltreninga startar opp i veke 36. Idrettsskulen og barnetrimmen startar ved nærare beskjed. I september satsar vi på å vere ute på friidrettstreningane dersom ikkje veret er altfor gale. Gro og Bjarte har ansvaret for idrettsskulen, medan Hilde og Bjarte har ansvaret for friidrettstreningane. Barnetrimmen er foreldrestyrt. Prøver nytt opplegg for tysdagstreningane i år. Hilde har laga til eit treningsprogram med ein enkel aerobicbasert kondisdel, styrketrening for armane ved bruk av strikk og ein avsluttande del med trening av mage/rygg. Håpar dette kan vere ei treningsform som passar mange. Vi testar det ut og dersom det ikkje fungerer, kan vi gå tilbake til sirkeltrening. Det kan ein også ha på dei treningane Hilde ikkje kan vere på.

Vel møtt på trening!

- Friidrettsgruppa -

31.8.2009

Skulebuss i grøfta ved Davik

Heldigvis vart ingen skadd då skulebussen til Davik køyrde i grøfta i dag tidleg.

http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article4543803.ece

28.8.2009

Mesta sikrer Haukåtunnelen

Mesta Drift har fått oppdraget med å sikre den 140 meter lange Haukåtunnelen på riksvei 614 i Bremanger kommune. Jobben skal utføres på oppdrag for Statens vegvesen og har en verdi på nesten 10 millioner kroner.

http://www.mesta.no/article.php?id=2983&p=

28.8.2009

Rv 614 Grov - Svelgen (Haukå tunnel)

Sogn og Fjordane - Redusert framkommelighet

Kan bli stengt i perioder på inntil 1 time på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Mandag til torsdag fra 07:00 til 19:00.

Rutegående trafikk kan passere.

Oppdaterte vegmeldingar for Sogn og Fjordane finn du her.

28.8.2009

Hornmusikkøving

Fyste øving i hornmusikken blir i dag, fredag 28.8 kl 19-21 på Ålfottunet.

Hornmusikken - 28.8.1009

JAKTKONKURRANSE

Ålfoten skyttarlag inviterer til jaktkonkurranse for 3 mannslag søndag 30 august på bana i Karlskaret.

Kvart jaktlag kan stille med fritt antall 3 mannslag. Premiering for beste lag, samt individuellt for kikkert og rødpunktsikte.

Påmelding 10.30-11.00

VEL MØTT !

Skyttarlaget - 28.8.2009

LAGSMEISTERSKAP BANE OG FELT

Ålfoten skyttarlag inviterer alle sine medlemmer til lagsmeisterskap i bane alle klasser, samt det utsatte lagsmeisterskapet i felt for klasse 1-5 laurdag 29 august.

Vi starter dagen med felt for senior kl.10.30 med påmelding fra kl.10.00. Ca. kl 12.00 startar vi med lagsmeisterskap bane alle klasser med påmelding 11.30-12.00.

Vel møtt!

Skyttalaget - 28.8.2009

Nystartet fotograf

Nå kan du bestille fotograf i Ålfoten og omegn. Anita M. Ingebrigtsen har startet fotografvirksomhet i Svelgen, og håper nå på at flere kunder vil ta kontakt, når noen trenger å få tatt et bilde eller to. AMIFoto har ikke studio, og foretar bildene hjemme hos deg, eller på annet egnet sted, evt. utendørs.

Jeg fotograferer:
- bryllup
- konfirmasjon
- barn/ungdom
- andre familiebegivenheter
- næringsbygg/eiendom
- dyr, gjenstander
- landskap
- arrangement
- m.m.

For mer informasjon se hjemmesiden:


Anita M. Ingebrigtsen - 28.8.2009

Melding frå hornmusikken:

Kjære medlemmar, aspirantar, foreldre og andre interesserte!

Hornmusikken inviterer til medlemsmøte som ein oppstart av det nye korpsåret:)

Møtet vert:

mandag 24. august kl 20.30
på Ålfottunet


Vi ønskjer både aktive og tidlegare medlemmer velkomne til møtet, der vi gjerne tek imot innspel og synspunkt. Hornmusikken har mange ledige plassar i rekkjene og ønskjer alle tidlegare medlemmar, og eventuelt heilt nye musikantar, hjerteleg velkomne inn i korpset:

Saker:
- Øvingsplan haust-09
- Organisering av køyring til øvingar på Davik
- Tur 2010

Helsing styret

20.8.2009

Trekning og kampoppsett volleyballturnering

På laurdag har 4H kiosksal under kampane, så vi håpar på mykje publikum. Vel møtt!

Lag1: Ivar, Mats André, Kristin, Evy Merete

Lag2: Espen, Ole, Anders T., Elin

Lag3: Kristian, Bjarte, Tomas K., Karoline

Lag4: Henning, Oddbjørn, Marita, Hilde

Lag5: Anders M., Rune, Berit, Eldbjørg/Marit

Gruppe 1: Lag 1 og Lag 2.
Gruppe 2: Lag 3, Lag 4 og Lag 5.

Alle kampar blir spelte best av 2 sett til 21. Dersom laga vinn kvar sitt sett blir det spelt avgjerande sett til 15.

Fredag

18:00 Lag 1 - Lag 2 (Dommar frå lag 5)
18:30 Lag 3 - Lag 4 (Dommar frå lag 1)
19:00 Lag 5 - Lag 3 (Dommar frå lag 2)
19:30 Lag 4 - Lag 5 (Dommar frå lag 3)
20:00 Utslagskamp

Vinnar gruppe 1 og nr. 1 og 2 i gruppe 2 går til semifinale. I tillegg går vinnaren av utslagskampen mellom taparane i gruppene til semifinale.

Laurdag

13:30 Vinnar Gruppe2 - Vinnar Utslagskamp
14:15 Nr. 2 gruppe 2 - Vinnar Gruppe 1
15:00 Bronsefinale
15:45 Finale

Idrettslaget.

13.8.2009

Svelgen utan drivstoff

Bilistane i Svelgen må i to veker framover ut av bygda for å fylle tanken.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6729872

13.8.2009

Volleyballturnering!

Hugs at fristen for å melde seg på turneringa er i morgon, 11.8.

Dersom du ikkje har anledning til å skrive deg på lista på butikken, kan du sende ei melding til Hilde, tlf: 97064073

10.8.2009

Rv 614 Ferjesambandet Stårheim - Isane

Åpen for trafikk. Fergesambandet er nå i drift igjen.

Oppdaterte vegmeldingar for sogn og fjordane finn du her:

http://www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger?type=fylke&fylke=14

10.8.2009

Kalvåg Kystkulturfestival 7.- 9. august

Programmet for festivalen kan du laste ned her:

kystkulturfestival09.ppt

6.8.2009

Landskyttarstemne på Evje.

(Henta frå skyttarlaget si heimeside.)

Ein er no ferdig med andre dag av Landskyttarstemnet, og resultat frå Ålfotarar er byrja å komme inn. Feltrunden for V55 er ferdig, og Helge Bruvoll slo til med eit godt resultat. Han kom på ein fin-fin 23 plass, av ca 270 skyttarar. Med resultatet 27/12 ligg han ann til plass i feltfinalen for V55 fredag. Helge seier seg godt nøgd med resultatet på feltrunda. Søndag morgon fekk vi nytt godt resultat av Håkon Frivik, med seriane 50-41-49-95 og totalt 235 på baneskytinga si. Dette er noko av det beste resultatet han har hatt på LS nokon gong, seier han.

Andre resultat:
Trond Kvellestad - 219
Kjetil Dreyer - 216
Rune Verlo - 216
Rikke Rise Hallset - 25/17


Alle resultat av skyttarar frå Nordfjord skyttarsamlag finn du her.

6.8.2009

Kino

Bygdekinoen har sommarferie no, men kjem sterkt tilbake
med blant anna:

Harry Potter og halvblodsprinsen, 21.8.2009 kl 18.00.
http://www.filmweb.no/bygdekinoen/template/ShowMovie.jsp?TheaterID=98&MovieID=SMN20071113

Istid 3: Dinosaurene kommer (norsk tale), 18.9.2009 kl 18.00.
http://www.filmweb.no/bygdekinoen/template/ShowMovie.jsp?TheaterID=98&MovieID=FOX20080372

6.8.2009

Volleyballturnering

Info om turneringa finn du her: volley09.doc

31.7.2009

Påminning om turorientering og fjelltrim!

Minner om at postane til turorienteringa vert liggande ute til 1. september. For dei som ikkje endå har kjøpt seg kort, er dei famleis i sal på butikken og det er rikeleg tid til turar på skogsvegane i bygda. Dei som har kjøpt kort, men ikkje gått alle turane, oppmodar vi om å leite fram korta og turhumøret og ta beina fatt!

Fjelltrimmen har bøker liggande på Nakkjen, i Askevikja, på Huaren, i Setredalen, på Dalset og i Bjønndalen. Gå på tur og skriv deg i boka. Då er du med i konkurransen om flest poeng sesongen 2009!

God tur!

31.7.2009

Sykkeltur i Førsdalen

Sender nokre bilder frå sykkeltur i Førsdalen. Anbefalast på det sterkaste.



Rune - 13.7.2009

Nokia N82 selges - Solgt!

Kjøpte meg ny mobil 25 juni 09, for kr 3100.- på nettet ved MPX.

selger den for 2500.- kr,

(kan evnt bli enig om pris)

mobilen er u/abonnement.

har brukt den i 2 uker, meget god!!

Henv: 908 23 584

Gunn - 8.7.09

Oppdatert kake-catering

Kake-cateringen er framleis i drift, så dersom du har lyst på eller bruk for kaker eller kaffi-mat, er det berre å ta kontakt.

Eg bakar for alle slags anledningar: bursdagar, barnedåp, andre feiringar eller berre til vanleg kaffikos. Ta kontakt på

telefon: 57795854
mobil: 97146189

Meir informasjon her: catering.doc

Gro - 8.7.09