Nettavis for Svelgen-området


web counter
besøkande sidan
16.01.08

Velkommen!

Onsdag kveld flytta det folk inn i 'Myklebust-heimen' igjen. Dei nyinnflytta er Manuela, Frank, hunden Jack og katten Paul. Både Manuela og Frank er 44 år gamle. Frank har fått jobb hos INC i Svelgen der han skal begynde å jobbe som mekanikar frå måndag av.

Før dei flytta jobba begge to på ein aspirin-fabrikk i Leverkusen i Tyskland. Begge to snakkar godt engelsk, men dei har ikkje lært seg så mykje norsk endå. Dei begynde på norsk-kurs neste veke for å få ei snarleg forandring på det.

Dei fortel at dei har fått eit godt inntrykk av Ålfoten så langt og ser for seg at dei vil bu her i mange år framover. Dei likar naturen og den gode plassen vi har. Manuela er veldig glad i dyr og spesielt i hestar, så draumen for henne er å ein gong få sin eigen hest. Frank har planer om å begynde å fiske og elles er play-station den store hobbyen hans. Dei er musikkinteresserte og likar godt å spele Singstar, så kanskje Ålfoten Blandakor kan rekruttere nokon nye medlemmar her?

Akkurat no har dei berre eitt problem, og det er at dei ikkje har fått til å søkje inn parabolantenna endå. Så dei blir veldig glad viss nokon vil ta turen innom og prøve å hjelpe dei med det.

- Hilde -



28.8.2008

Blåbrebu stengt frå 30.08-25.09

Minner om at Blåbrebu som vanleg er stengt frå 30.08-25.09

31.8.2008

Hjortejakt til lisjejulafta

Hjortejegarar frå Bremanger og Vågsøy får jakta hjort til 23. 12. Jegrar frå Eid og Selje må felle sine dyr innan 30. 11.

http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=1499575,1&lang=1

31.8.2008

Sølv til prinsesse Isene

Mona Isene (Førde) sluttar ikkje å imponere. Laurdag tok ho sølv under nasjonsskytinga på Løten.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6199846

31.8.2008

Treningstider!

Hei

Neste veke (veke 36) startar treningane opp igjen. I haust har vi lagt opp til desse treningstidene:

Måndagkl 17-18IdrettsskuleSiste barnehageår-3.klasse
Tysdagkl 20-21SirkeltreningFrå ungdomsskulealder
Onsdagkl 17-18BarnetrimUnder skulealder
Torsdag  1830-1945  Friidrettstrening  4.-10. klasse  


Velkomne på trening!

- Friidrettsgruppa -

28.8.2008

Ledig jobb

Sparebanken Sogn og Fjordane søker kundebehandlar på personmarknaden. Stillinga er eit vikariat og har kontorstad Svelgen. Søknadsfrist 1 september.

Meir info her. (PDF)

28.8.2008

Gratulerar!

Gratulerar med 21-årsdagen, Tone!

Helsing Bjarte, Juliane og Renate

21.8.2008

Nokon større?

Linn-Kristine og Terje fikk denne rusken på garn i Vasslidvatnet!! 4,558 kg!!!

Foto: Linn-Kristine og Terje.



Og jammen dukka ikkje fisken opp i Firdaposten og;) :

http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3730287.ece

17.8.2008

Haustbilder

Hei, Som bileta under viser, så nærmar hausten seg. Men endå er det god tid til å gå tur-orientering viss du manglar postar. Det er mykje blåbær i år, så ta med eit spann og plukk bær undervegs. Postane vert hengande ute til 1. september. Etterpå må klyppekorta leverast til Magnhild eller Gro. Hugs at du er med i trekning av premiar sjølv om du ikkje har vore på alle postane. Men til fleire klypp du har, til større vert vinnarsjansane!

- Turorienteringsgruppa -



17.8.2008

Program Nordgulen høgt og lågt

(trykk for å forstørre.)


17.8.2008

Bildearkiv

Har lagt alle innsende bilder frå "nyhende-sida" til ei eiga side, "bildearkiv". Fortsett med å sende inn bilder! :)

12.8.2008

Nordgulenslitet

Nordgulenslitet er ein del av "Nordgulen høgt og lågt" som vert arrangert for andre gang i Svelgen 29-31.8.2008. Dette er ei familiehelg med arrangement knytt til villmark, friluftsliv og eventyr.

Nordgulenslitet er ein sosial konkurranse for firma, skular og andre grupper, eller ein utfordrande individuell konkurranse. Løpet går rundt Nordgulen og består av fem greinar. Ein time før start vert "Nordgulen superslitet" arrangert. Dette er eit individuellt triatlon over ein kortare og meir intensiv distanse.

Påmelding innan den 20.08.2008.

Ein del av påmeldingsavgifta går til Støtteforeningen for kreftsyke barn i Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir på http://www.nordgulen.svelgen.no/

10.8.2008

Resultat frå volleyballturneringa

Her er resultata frå årets volleyball-turnering:

Lag 1-Lag 2: 1-2
Lag 3-Lag 4: 2-0
Lag 1-Lag 3: 0-2
Lag 2-Lag 4: 2-0
Lag 1-Lag 4: 2-1

Barne-finale:
Lag 1-Lag 2: 0-2

Finale:
Lag 2-Lag 3: 2-1

Ole Mattis, Anders, Bodil og Ole vann vaksen-klassa og fekk første napp i ny vandrepokal. I barneklassa var det Ivar, Espen og Berit som gjekk av med seieren.

- ÅIL - 9.8.2008

Bilder frå volleyballturneringa



- ÅIL - 9.8.2008

Lag til volleyballturneringa

Barneklasse:
Lag 1: Kristin, Amalie, Marita
Lag 2: Berit, Ivar, Espen


Vaksne:
Lag 1: Håvard, Henning, Martine, Veronica
Lag 2: Ole Mattis, Anders T, Bodil, Ole
Lag 3: Rune, Helge, Hilde, Marit, Bjarte
Lag 4: Kristian, Mats A, Katrine, Torunn


Kampane startar fredag kl 18:00 og blir avvikla i denne rekkjefølgja:
Lag 1- Lag 2
Lag 3- Lag 4
Lag 1- Lag 3
Lag 2- Lag 4
Lag 1- Lag 4
Lag 2- Lag 3


ca kl 21:00 Barnefinale
ca kl 21:30 Finale vaksne


4H har kiosk-sal undervegs.Kom og hei!

7.8.2008

Sjå TV2 i kveld!

http://www.tv2.no/tvguide/article2112840.ece

Audun Hetland med røter i Ålfoten er blant anna med her.

De drømmer om å dra på jordomseiling og kjøper seilbåt for studielånet. Båten tar dem blant annet med til Påskeøya, Pitcairn-øyene og Alaska.

På TV 2 onsdag 6. august kl. 20.30.

6.8.2008

Volleyballturneringa

Vi har fått så mykje påmelding til volleyballturneringa at det blir turnering i år også, men vi vil gjerne ha fleire med. Ta kontakt med Hilde viss du vil vere med, men har gløymt å melde deg på. Laga blir trekte kl 19:00 i morgon, onsdag, så eventuelle etterpåmeldingar må komme før den tid.

Heile turneringa blir spelt frå klokka 18:00 og utover fredags kvelden: Først innleiande kampar, så barne-kamp og til slutt finaler i vaksen-klassa.

- Hilde -

6.8.2008

Landskyttarstevnet

Ålfoten skyttarlag deltok med 15 skyttere.

KL ER: Jahn Vegard Frimannslund, Rikke Rise Hallset

KL 2: Terje Førde, Henning Verlo, Karl Vidar Førde, Inger Rise Hallset, Trond Kvellestad, Morten Bruvoll

KL 3: Kjetil Dreyer, Håkon Frivik

KL 4: Rune Verlo

KL V55: Helge Bruvoll, Halvar Sigdestad

KL V73: Tor Zacchariassen, Olav Sigdestad

Rikke var klar for å kvalifisere seg til finale bane, men det sneik seg inn 3 stk 9,9 så det "ble bedre lykke neste gang". Jahn Vegard lykktes heller ikke,var litt skeiv,men hadde gode serier. Tor Z hadde klare mål for finale, både på bane og felt men lyktes ikke med det. Trond Kvellestad slo til og ble nr 2 i sin klasse.GRATTIS. Rikke ble tatt ut til samlagskyting for Nordfjord Skyttarsamlag. Dei enda på 3 plass totalt av 40 samlag, med 399 poeng, men mindre innertiere. Tor og Halvar var og med på samlagskyting, Rikke klarte å kvalifisere seg til finfelt finale, og det ble spennende, var nr 57 av 65 finalister. Etter 3 omskytinger ble ho nr.2

- Hilsen Inger R.H -



3.8.2008

Prinsesse Mona!

Mona Isene frå Førde vart skyttarprinsesse under Landskyttarstemne.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6161957

2.8.2008

Volleyballturnering

Vi satsar på å få til volleyballturnering fredag 8.august frå kl 18:00 viss det vert mange nok påmelde. Vert det fleire enn 4 lag, kan det vere aktuelt å ha finale-kampane laurdag ettermiddag.

Laga vert som vanleg bestemt ved trekking, og påmeldinga skjer enkeltvis på liste på Butikkjen innan tysdag 5.august.

Startkontingent:
Vaksne: 50 kr pr. pers.
Born (10-14 år) 20 kr pr. pers.

Bli med du og!

PS! Trekking av lag vil skje på Krokettplassen onsdag 6.august kl 19:00.

- ÅIL -

2.8.2008

Rikke tok sølv!

Rikke Rise Halset (15) frå Svelgen overraska seg sjølv då ho tok andreplass under dagens feltskyting for eldre rekrutt.

http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3694660.ece

31.7.2008

Mona på kongelaget?

Mona Isene frå Førde skaut svært godt under Lanskyttarstemnet i Førde i dag.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6158025

30.7.2008


Kakelista finn du her.

26.07.2008

Ålfotskyttarar klar for landsstemne

Rikke Rise Hallset er klar for å hauste edelt metall.

http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3684996.ece

26.7.2008

Aldri lei av å stupe til skogs

Kjentfolk i "Romerikes Blad"

http://www.rb.no/lokale_nyheter/sommer_2008/article3677177.ece

22.7.2008

Hei!

Takk for ei flott heimeside som gjev god informasjon om det som skjer i bygda. Eg vil gjerne minne folk om turorienteringa. Her er mange flotte turar. Eg legg ved nokre bilete frå ulike stader i løypa.

Sommarhelsing frå Randi



22.07.2008

Gratulerar!

Gratulerar med 50-årsdagen i dag 20.07!

- Helsing Monika og Rolf -

20.07.2008

Gratulerar!

Gratulerar med dagen, Bjarte!

- ungdomslaget -

19.07.2008

Takk!

Takk til alle som bidrog til å lage ein flott marknad førre laurdag. Det er kjekt å stå som hovudansvarlige for arrangementet når folk er så villige til å stille opp.

Vi vil og presisere at det Firdaposten skreiv om underskot slett ikkje stemmer. Overskotet er på ca. 40.000, noko som vil komme godt med i drifta av Idrettslaget det komande året.

Ha ein god og aktiv sommar!

Helsing
Styret i Ålfoten Idrettslag

12.7.2008

Skadde i arbeidsulukke

To personar vart skadde i ei arbeidsulukke ved Elkem Bremanger.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6133949

10.7.2008

Vil bygge barnehage - får nei

Sanitetskvinnene i Davik får nei takk frå Bremanger kommune, trass i at dei ville ta opp lån til ein million kroner for at bygda skulle få ny barnehage.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6133775

10.7.2008

Takk

Har lyst til å takke dei som laga til den fine dagen på Ålfottunet laurdag. Det var godt planlagt og veldig koseleg for oss som var gjester. Den årlege marknaden vert bedre for kvart år. Fint laga til ute, god mat og trivelege aktivitetar. Det såg ut som alle kosa seg.

Helsing Gunnvor

8.7.2008

Ålfot- marknaden skein i sola

Fiskekonkurranse og rebusløp var berre noko av det som stod på programmet på Ålfotmarknaden i helga.

http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3652606.ece

6.7.2008

Fann umerkte garn

Statens naturoppsyn (SNO) har vore på patrulje i distriktet. Fangsten vart fleire ulovlege garn som ikkje var merka.

http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=1491957,1&lang=1

3.7.2008

Arbeidsulukke på Elkem

Politi, brannvesen, ambulanse og luftambulanse rykte ved 14.30-tida onsdag ut til ei arbeidsulukke ved Elkem i Svelgen.

http://www.fjt.no/default.asp?page=3328&item=1491812,1&lang=1

2.7.2008

"Mer snø enn normalt på breene i Sør-Norge"

Mest snø ble målt på Ålfotbreen i Nordfjord.

http://www.nve.no/modules/module_111/news_item_view.asp?iNewsId=39335&iCategoryId=228

2.7.2008

Helsing frå Bodø!

Hei

Her kjem nokre bilder fra Bodø :-)
Her går det berre bra !

Helsing Geir og June m/fam.






2.7.2008


2.7.2008