|
|
||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
Framsida
Bildearkiv Bilder av Ålfoten Om sida Om Ålfoten Turløyper Sigdestadneset Praktisk info Lag og organisasjonar Næring Kjøp og sal Linkar Gjestebok Arkiv Ålfoten kyrkje 400 år nytt Webkamera Kinoprogram Vegkamera i dalen
|
ÅrsmøteVi minner om årsmøte i Ålfoten Idrettslagonsdag 27. februar 2008 kl. 20.00 på Ålfottunet. Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste. Sak 2: Val av møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka. Sak 3: Årsmeldingar Sak 4: Rekneskap Sak 5: Kontingent Sak 6: Ballbingen Sak 7: Ålfoten Stadion Sak 8: Budsjett Sak 9: Innkomne saker Sak 10: Val Sak 11: Eventuelt - styret - 26.02.2008 Solid støtte for tunnelFirdaposten skriv;"SVELGEN: - La gruveselskapet på Dyrstad drive ein ny tunnel mellom Indrehus og Svelgen, mot at dei får steinen. Oppmodinga kjem frå fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes" Les heile saka her: http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3373427.ece 26.02.2008 Årsmøte, Ålfoten ungdoms- og revylagPå årsmøtet 21/2 vart det nye styret valgt,dette vart samansett slik: Leiar: Ingebjørg Myklebust Nestleiar: Veronica Elde Kasserar: June Elise Laugsand Sekretær: Monika Hansen Styremedlem: Rolf Dombestein Vara: Hilde Myklebust Vara: Randi Midthjell I 2007 har vi arrangert kajakkurs, jonsokfeiring og bygdakveld. Vi har og laga nettsida www.aalfoten.no som kom opp rett etter jul. I påska sette vi opp buss til hotellet i Svelgen. Vi hadde i desember ei prøveforestilling med bygdekinoen som vart veldig bra både i oppmøte og tilbakemeldingar. Vi har og sett i stand rommet bak scena, slik at det no er system i alle kostymene, parykkane og anna utstyr. 23.02.2008 BygdekinoenVi hadde ei prøveframsyning med Bygdekinoen før jul, med svært godt oppmøte:) Vi står på "venteliste" hos bygdekinoen, som for tida har heilt fullt, for å få fast kino ca ein gong i månaden.- Ungdomslaget - 23.02.2008 Aktivitetsmøter i 4H
Vi i styret har planlagt at vi skal ha aktivitetsmøte for alle 4H-medlemmane. Det vert forskjellige aktivitetar for kvar gong og ei lita pause med forfriskningar.
Dersom det vert fint ver skal vi vere ute, og vert det stygt ver er vi inne i gymsalen.
Aktivitetsmøta vert annakvar tysdag frå kl. 17.30-19.30 (Oppmøte på skulen). Her er ei lita oversikt over dei aktivitetane vi skal ha og datoane aktivitetsmøta blir på: 26. februar: fotball inne eller ute. 11. mars: kanonball dersom inne, eller "stjele egg" ute. 25. mars: bordtennis, quiz og anna inne, eller "pilkryss" ute. 8. april: hinderløype inne eller lyre ute. - Styret i Krunhjorten 4H - 23.02.2008 Trafikkuhell i dalenUhellet skjedde klokka 0903 på vegen mellom Isane og Svelgen i Bremanger skriv NRK sogn og fjordane.Mannen har forklart til politiet at han miste kontroll over bilen på det glatte føret. Bil har snurra rundt og hamna på taket i grøfta. Det var ingen andre køyrety involvert i uhellet, opplyser politiet. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.4910110 23.02.2008
22.02.2008 Årsmøte Ålfoten ungdoms- og revylagHugs årsmøtet i kveld, 21/2 kl 20.00!21.02.2008 Extraordinert årsmøte Ålfoten Hornmusikki Ålfottunet Torsdag 28.02.2008 kl 2000Saker
NB: TRASS I MANGE FORSØK FRÅ VALNEMDA HAR VI IKKJE FÅTT LEIAR I STYRET, SÅ VER MERKSAM PÅ AT ALLE ER VALBARE, UANSETT OM DEI MØTER OPP ELLER IKKJE. 20.02.2008 Skikarusellen utsettSkikarusellen i morgon, 17.2 er utsatt pga dårleg vêr.16.02.2008 1 mnd på nett!
VinterferieDet vert ikkje sirkeltrening, idrettsskule eller friidrettstrening i vinterferien.Hilde 16.02.2008 Kjøp/salHar du noko du ikkje treng, eller leitar du etter noko spesielt?Send en mail til post@aalfoten.no. 13.02.2008 PåminningMinner om årsmøte i hornmusikken torsdag 14 kl 2000.Oppfordrar spesielt foreldra til aspirantane om å komme, medlemmane reknar eg og med at dei stiller opp! Leiar. 12.02.2008 Bildepresentasjon av ÅlfotenRune Ripe har ei fin bildeframsyning med sommarbilderfrå Ålfoten. Denne kan du sjå her: http://www.yakinn958.blogspot.com/ 12.02.2008 Bildepresentasjon av Bremanger kommuneHer kan du sjå ein flott bildepresentasjon av bremanger kommune:http://tiramdua.blogspot.com/2008/02/presentasjon.html 11.02.2008 FBBB kom på delt 15.plass i NM09.02.2008Direktesending frå NM i BrassBand NRK Hordaland sender direkte frå Bergen heile helga. Dei sender kun nummera til
Elitedivisjonen, men laudagskvelden får vi sjå premieutdeling ca 21.30.
Her kan du sjå direktesendinga: http://www1.nrk.no/nett-tv/distrikt/NDHO# Her kan du lese programmet for heile helga: http://www.musikkorps.no/pls/portal/docs/1/4407794.PDF Vårtegn!08.02.2008 Oppdatering 8/2Album med bilete av Ålfoten er lagt ut. Vi tek imot alle slags bilder med takk! Hugs å skrive namnet på fotografen og helst ein liten bildetekst.Har og forandra litt på bilda rundtom, slik at ein får sjå større bilde når ein trykkjer på bildet. Kakelotteri 9/2
Flora-Bremanger Brass Band til NMI helga reiser FBBB, med tre medlemmar frå Ålfoten, til Bergen og Grieghallen for å delta i NM i brassband. Vi kjem tilbake med resultata laurdag kveld!![]() Foto: Firdaposten Klatreveggen i gymsalen på Davik er klar til bruk.ER DU OVER 6 ÅR OG LIKAR LITT UTFORDRING OG ACTION???Då kan du ta kontakt med klatregruppa på Davik! Aldersgrense: 6 år Alle interesserte kan melde seg på til Rogier van Oorschot på e-post: info@norway-adventures.com sms: 99 40 42 07 Les meir på davik sine sider her Davik legekontor -Held stengt mandag 4/2 og mandag 11/2.Skikarusellen avlyst.Skikarusellen i måra, 3 februar er desverre avlyst pga tekniske problem.Endå ein artikkel om Gjegnabu.Avisa Firda har og ein artikkel om Gjegnabu.http://www.firda.no/nyhende/article3300419.ece Bokbussen kjem 7 februar. Bokbussen kjem til Ålfoten torsdag 7. februar. Den blir ståande ved skulen mellom kl. 13.00 og 14.00. Alle er velkomne på bussen, det er ikkje berre eit tilbod for oppvekstsenteret, sjølv om vi står parkert der. På bokbussen kan du velje mellom ca. 4 000 bøker for både barn og vaksne, du kan låne lydbøker og CD-plater, reservere det som er utlånt og få lesetips og hjelp av personalet. Illustrasjonsfoto: Bokbussen på veg til Ålfoten (foto: Randi Tveit Solheim) Hugs å melde deg på UKM! I år blir lokalmønstringa for Bremanger arrangert i Ålfoten. Dette er 1 mars kl 16.00. Påmeldingsfrist: 22.02. For påmelding, meir info og påmeldte innslag sjå her. Taekwondo på StårheimHer var det jammen ei ålfotejente med eit skikkelig spark!http://www.fjordabladet.no/nyhet.cfm?nyhetid=2769 Gjegnabu er favoritten til Krohn DevoldFoto: Firda Tidend
http://www.firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=4198Gjegnabu ved Ålfotbreen er favoritthytta til generalsekretær i Den norske Turistforening, Kristin Krohn Devold. Dette skriv Firda Tidend. Gjegnabu ligg ved Ålfotbreen i spektakulære omgjevnader på ein fjellknause rett over X-vatnet. Vegen er ikkje lang til Gjegnalundsbreen eller majestetiske Gjegnen. Den vanlegaste ruta til Gjegnabu startar på Hope, men Mettenes og Skjerdalen er også brukt av turgåarar. Årsmøte, Ålfoten Hornmusikk14.02.08 kl 2000 på ÅlfottunetSakliste:
NB! NESTE ØVING FOR 2`DRE-ÅRS ASPIRANTANE BLIR 13 FEBRUAR KL 1900. ![]() VALENTINERBALL FOR UNGDOM.Fredag 15 februar 2008 kl: 19.30 på SVELGEN HOTEL Antrekk : pent Cover kr: 110,- Meny: taco og pizzabord. Salg av: DJ fra S&F MUSIKK i Førde, med lyd/lys og røyk. All ungdom mellom 8 klasse - 19 år er VELKOMMEN. Ta gjerne med en venn/venner. PÅMELDING TIL SERVICEKONTORET innen onsdag 13 februar kl: 15.30. 57796300. VIKTIG Å MELDE SEG PÅ P.G.A MATEN Anita Løver. 91302768. Ta turen til Svelgen laurdag!Kor og korps vil gje deg ei god musikalsk oppleving i lag med mat og kaffi.Vi er tre musikantar frå Ålfoten som er med i FBBB, og håpar de vil støtte opp. Basarbok ligg på butikken!
22.01.2008:Friidrettsgruppa i idrettslaget har 4 treningar som blir arrangert fast pr veke fram til juni. Det er:Tysdag 20:00-21:00: Sirkeltrening (Vaksne) Onsdag 17:00-18:00: Barnetrim (Under skulealder) Torsdag 17:00-18:00: Idrettsskule (1.-3. klasse) Torsdag 18:00-19:15: Friidrettstrening (4.-10. klasse) 18.01.2008:Sida blir nok oppdatert mykje framover, med bilder og forhåpentlegvis meir innhold på "kva skjer".16.01.2008 - Aalfoten.noDå kom vi endelig på nett! Vi har fått inn en god del bidrag frå bygda, men fortsatt er her plass til meir! Berre fortsett å sende inn. Denne sida er meint for å informere “turistar” og andre interesserte, i tillegg til å fungere som ei oppslagstavle for ting som skjer i bygda, spesielt for utflytta ålfotarar.Det er ålfoten ungdoms- og revylag som står bak sida og vi vil prøve så godt vi kan å holde den oppdatert. For å klare dette på best mogleg måte er vi avhengige av bidrag, idear og tilbakemeldingar frå bygda:) Send gjerne en mail til post@aalfoten.no
ARKIV:
2009 Januar og februar. Mars og april. Mai og juni Juli og august September og oktober November og desember 2008 Januar og februar. Mars og april. Mai og juni. Juli og august. September og oktober. November og desember. |
|
||||||||