Ålfoten er vidt kjent for hjorten,
her er utruleg mykje dyr! Bygda er delt inn
i fire grendelag: Vik, Myklebust, Sigdestad og
Førde, eller Føre som vi seier i bygda.
Kvart av desse grendelaga har sitt eige jaktlag.
Myklebust er det laget som har størst jaktområde
og fellingsløyve. Til saman vert det kvart år
felt over 100 dyr i bygda. Hjortejakt er ein
viktig resurs og tradisjon i Ålfoten .
Så 10.september, den dagen jakta startar, er ein viktig dag!
På kvart jaktlag er det ein plass mellom 15-20 jegerar.
Jakta vert gjennomført på den måten at nokre
av jegerane er jagarar, og driv dyra mot sittarane.
Det vert ikkje nytta hund i jakta. Etter at laget
har bestemt seg for kva område dei vil jakte,
trekk ein lodd om kven som skal gå og kven som skal sitte.
Trekkinga føregår etter alder, den eldste jegeren
får trekke fyrst, så går det nedover til den yngste.
Er du interessert i å leige jaktterreng,
kan du lese meir om det her:
Langesjø hyttegrend,
eller ta kontakt med:
Langesjø Hyttegrend
97 47 01 41
E-post:
ahm.langesjo@enivest.net
For nokre år sidan laga NRK eit naturprogram
om hjortejakta i Ålfoten, det kan du sjå her:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/330002