Ålfoten idrettslag

Vårturar



13.4.2009

Ålfoten idrettslag har i dag ca 150 medlemmar.
Faste årlege arrangement er Ålfotmarknaden og volleyballturnering.

Styret:
Leiar Lars Endre Myklebust
Kasserar Magnhild Myklebust
Sekretær Torunn Myklebust
Vara May Helen Vik

I tillegg sit leiarane i dei ulike gruppene også i hovudstyret.


Idrettslaget har i dag desse undergruppene:

NÆRTRIM:
I gruppa: Magnhild Myklebust, Egil Hunvik, Gro Myklebust, May-Helen Vik.
I sommarhalvåret ligg det ute orienteringspostar på fjelltoppar og langs skogsvegar. Desse kan vere utgangspunkt for mange fine turar både for små og store. Klippekort og kart blir selde på Butikkjen. Før jakta blir postane plukka inn, og premiar blir trekt ut både for enkeltpostar og totalgjennomføring.

FRIIDRETTSGRUPPA:
Leiar: Hilde Myklebust, Styremedlem: Tove Førde, Vara: Kåre Maurset

Friidrettsgruppa i idrettslaget har 4 treningar som blir arrangert fast pr veke fram til juni. Det er:

Tysdag 20:00-21:00: Sirkeltrening (Vaksne)
      (om våren vert det turar i staden)
Onsdag 17:30-18:30: Barnetrim (Under skulealder)
Torsdag 17:00-18:00: Idrettsskule (1.-3. klasse)
Torsdag 18:00-19:15: Friidrettstrening (4.-10. klasse)

SKIGRUPPA: Leiar: Sigmund Midthjell, Medlemmar: Brynjar Myklebust, Ole Meijer, Odd Hansen. Vara: Kjetil Dreier, Frode Sagebø

Skigruppa har ansvar for å drifte lysløypeanlegget ved Karlskarstova. Ved hjelp av den nye trakkemaskina kan vi tilby gode tilhøve så sant det er snø. I samarbeid med STIF arrangerer vi skikarusell. Dette har vore ein kjempesuksess dei siste åra.

I år er skikarusellen desse datoane:
20.01.08 (søndag)
03.02.08 (søndag)
17.02.08 (søndag)
09.03.08 (søndag)

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.

Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Deltakarmedalje til alle som fullfører minst to renn ved sesongslutt.
Diplom til alle i kvart renn.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 30,-.
Open kiosk

FOTBALLGRUPPA: Leiar: Terje Unvald Førde, Medlem: Frode Vik, Vara: Lars Reidar Myklebust
Vi har ingen aktive lag, men held treningar for alle mellom 1.- og 10.-klasse. I tillegg prøvar vi oss med Oldboys-treningar.

Trykk på bilda for å sjå dei i større versjon: