Oljemåling: Eg målar bilete etter natur og landskaps-fotografi. Storleiken på måleria varierar frå 20 til 50 cm lange og kan kjøpast med eller utan ramme. Til vanleg brukar eg frå 2 til 4 veker på eit måleri, men eg likar best å ha god tid. Prisen på måleria vert sett ut frå storleik og vanskegrad på biletet. Detaljerte fotografi tek lenger tid og er vanskalegare å måle enn enkle landskap.
Glasmåling: Har du bruk for ei personleg lita gåve til nokon som har alt? Kva med eit glas/ krus med namn og passande dekor? Eg målar enkle figurar og motiv på alle slags glas og porselen artiklar. Blant favorittane er Tommy og Tiger`n, Ole Brum, Tigergutt og Pusur. Elles kan eg måle andre motiv etter ynskje. Glasmålinga skal tørke eit døgn og brennast i omnen, så eg treng omlag ei veke på eit arbeid.
Eg likar å eksperimentere med ulike naturmateriale som never, tre-røter, knøsk og kjuker. Særleg før jul vert det laga mange dekorasjonar.
Dersom nokon vil kjøpe noko av det eg lagar, må dei ta kontakt i god tid.