free web counter
besøk sidan 17.9.2009

INNBYDING TIL - Klubbstemne Gloppen Hundeklubb laurdag 25.2.

Sjå nettsida til Gloppen her.

18.2.2012

Trening med lys onsdagar 17-19!

Lyset er i ustand etter dagmar:/ I går, 25.1., var det folk på trening til det vart mørkt, utan at det var noko problem. Plassen vart opplyst litt av gatelysa frå vegen:) Så det er ikkje noko problem å trene sjølv om vi manglar dette eine lyspunktet.

26.1.2012


Vi har inngått avtale med kommunen om å få bruke lyktestolpen på grusplassen i Øyane. Vi må betale for all straum som vert brukt, difor må vi ha nokon som kan vere ansvarlige for å skru av og på lyset på treningane. Dersom nokon kunne tenke seg å ta ansvar ilag med styret, ta kontakt!

Kart!

8.1.2012

Årsmøte i EHK

Årsmøtet vert 18. februar kl 15.00 i klubbhuset.

Sakliste
Forslag til årsmelding 2011
Forslag til årsmelding 2011 - avd Vågsøy
Ny lovnormal
Valg 2012
Reikneskap 2011
Beretning frå revisor 2011


28.1.2012

Instruktørsamling 10-12 februar

Førde Brukshundklubb arrangerer instruktørsamling i Førde 10-12 Februar 2012.

Det er Terje og Inger Østlie som er foredragsholdere.

Samlinga vil vere i Førde i Sogn og Fjordane.
Samlinga vil finne stad på Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde (sjukepleiehøgskulen) ved sjukehuset i Førde

Vi tar sikte på å starte kl 1800 på Fredagen.

Pris: 1000,- pr person. Dette er inkludert lunsj på lørdag og søndag

påmelding til: Helene Sæterdal tlf 91565514 eller forde.brukshund@klubb.nkk.no

Dette er ei samling for instruktører, ny og gamle!

Sjå meir info på http://www.fordebrukshundklubb.net/

3.1.2012

Juleferie

No tek vi juleferie! Første treningsdag etter jul vert onsdag 4. januar.

Vi ynskjer alle våre medlemmar ei fantastisk god jul og eit godt nytt år, so sjåast vi neste år :)

19.12.2011

Grautfest søndag 18. desember kl 13 - 16

Den årlege grautfesten vår vert søndag 18. desember kl 13-16 på fjordhestsenteret.

Her vert det aktivitetar for store og små og sjølvsagt risengrynsgraut.

Det vert servering av risengrynsgraut i kantina. Aktivitetane med hund vert inne i ridehallen.

Grautfesten er gratis.

Velkomen!

På Grautfesten vil det bli ei lita markering av klubbens hundar som har utmerka seg gjennom året.
For å gjere dette må vi ha tips til kven dette gjeld. Har din hund utmerka seg i året som har gått?
Blitt champion eller gjort andre bragder? Tips sendast på e-post til eidhundeklubb@hotmail.com.

Kvalpekurs

Det vert kvalpekurs over tre dagar i november/desember 2011. Instruktør er Ingrid Hesjadalen frå Volda

Kursdatoar:
Torsdag 24. november: Teori i klubbhuset ved Hærmuseet kl 18 - ca 22
Laurdag 26. november: Praksis kl 10 - 16
Søndag 4. desemper: Praksis kl 10 - 16

Pris: 1.200,- for medlemar i Eid Hundeklubb og 1.500,- for andre.

Kurset vart fyllt opp av dei som hadde alt hadde henvendt seg om kurs så det er foreløpig venteliste. Send ein e-post til eidhundeklubb@hotmail.com dersom du ynskjer å stå på venteliste eller er interessert i kurs til våren.

Treningstider!

Vi har no skrudd klokka over til vintertid, og framskyndar samtidig treningstidene til kl 17.00 både mandag og onsdag:)

30.10.2011

Lovnormal for medlemsklubbar

Vedtekter for Eid hundeklubb

23.10.2011
Eid Hundeklubb er på Facebook