Ca 1 time kvar veg.
Raude merker på tre.
Velteplassen ved Linja eller velteplassen i Kråkelund
Turløypa er skissert med svart linje på biletet under.
Dalset vart fram til tidleg på 1900-talet brukt som seter. Det vart tidlegare grønt på Dalset enn på Myklebustsetra. Difor hadde dei dyra på Dalset ei periode tidleg på sommaren. I dag er det 3 gamle sel og 3 nyare hytter på Dalset, men ein kan sjå murane etter fleire gamle sel.
Turløypa er lagt langs den gamle sledevegen til Dalset. Langs vatnet er vegen stykkevis murt opp. Løypa går stort sett flatt, og dette er difor ein tur som er godt eigna for born. Det er fleire fine fiskeplassar langs med Dalset-vatnet.
Bileta under viser Dalset-vatnet sett frå turløypa og det fyrste selet som kjem til syne på Dalset når du fyl løypa frå aust.