Ålfotbreen:
Sør for Ålfoten ligg Ålfotbreen, den
vestlegaste isbreen i Noreg.
Breen spreier seg over kommunane Bremanger, Flora og Gloppen,
og har eit areal på 17 km`2. Det høgaste punktet er 1385 meter over havet.
Det er mykje
nedbør på Ålfotbreen. Under ein normal vinter kan det
komme over fem meter snø, i tillegg like mykje regn, altså totalt
nærmare ti meter vatn. I april er det vanlegvis 8 meter med snø på breen,
i 1973 var det rekord med 12 meter snø. På breane i Jotunheimen er det
vanleg med 2-3 meter, så det seier seg sjølv at den store snømengda om
vinteren er viktig for Ålfotbreen.
Breen ligg i eit utruleg vakkert og vilt område, som har imponert mange.
Blant anna den kjende engelske fjellklatraren W. C. Slingsby som kom til
Ålfotbreen i 1885, og seinare skreiv dette:
Frå Ålfoten er det mest vanleg å gå opp til breen frå Åskora, som ligg lengst
inne i bygda. Her finn du ei merka turløype, som gjev deg ein fin tur.
Ålfotbre-området er eit populært turområde.
Fleire
turløyper finn du her:
http://www.dntfjellsport.no/bergen/index.php?fo_id=1850
Det finst
hytter i området rundt breen som du kan overnatte på.
Gjegnabu og Blåbrebu er dei mest kjende. Gjegnabu er leiaren i
Den Norske Turistforening,
Kristin Krohn Devold, si favoritthytte.
Denne ligg spektakulært til med ei fantastisk utsikt.
Utedoen på denne hytta kom på tredje plass under ei landsomfattande
kåring av utedoar med vakker utsikt.
- Informasjon om Gjegnabu:
http://www.turistforeningen.no/flora/cabin.php?ca_id=290
- Informasjon om Blåbrebu:
http://www.turistforeningen.no/flora/cabin.php?ca_id=287
I området vest for breen er det eit
særmerkt terasseforrma terreng,
som inneheld fleire spesielle bergartar. Ein av bergartane, blodrød jaspis,
finst berre nokre få stadar i landet. I enden av kvar terasse ligg
det eit vatn, fleire av desse er populære for fisking. Har ein tenkt
seg til fjells, er det lurt å fylje ei av hyllene.
Her kan du lese om Kristin Kron Devolds tur i området:
http://www.firda.no/nyhende/article3300419.ece?service=print
Har du lyst på måneskinnstur til Ålfotbreen, kan du lese meir om det her:
http://www.turistforeningen.no/flora/activity.php?ac_id=17088
Den Norske Turistforening sine nettsider er brukt som kjelde til denne sida.