Aksla

Velkomen til Børdalen!

Du er no i grenda Vik sitt utmarksområde. Vik ligg heilt aust i Ålfoten, like ved Ise-tunellen. Turen du skal ta til på har Blå fargekode. Personar som ikkje har gått noko særleg i ulendt terreng før, vil nok oppleve turen som hard. Turen er godt eigna både for dei som er ute etter trim, og for dei som er ute etter utsikt. Heilt frå starten her i Børdalen er stigninga bratt. Stigninga vil halde fram, med nokre periodevise unntak, til du når Aksla (606 m.o.h). På toppen får du løn for alt strev: Ei fantastisk utsikt møter deg! Du ser innover og utover Nordfjorden. I sør har du dei majestetiske fjella Blånibba (Gjegnen . 1670 m.o.h) og Bukkenibba (1515). I sørvest ser du Middagsnakken og Høgefjellet (1411 m.o.h ), samt Ålfotbreen. I vest er det Snønyken (1241 m.o.h) og Myklebustdalen som tek utsikta di. Dessutan får du eit artig perspektiv på stupbratte Kårnyken (1060).

I eit normalt tempo vil du nå toppen i løpet av ei times tid. Tida vil, på grunn av den bratte stigninga, avhenge av form. Frå startpunktet her i Børdalen går du fyrst gjennom flott furuskog, før du når “Iseflåten” og bjørkeskogen dominerer. Derifrå går du vidare opp mot Lidaholten. Etter ei tid kjem du til eit vegskilje. Her kan du velje mellom to vegar som begge leier til toppen. Du kan anten ta til venstre og gå rett opp mot Aksla, eller du kan ta til høgre og gå eggja oppover. Begge løypene er merkte både opp og ned.

Om hausten vert området nytta av Vik jaktlag for hjortejakt. Det vil seie i helgane frå 10. september og utover. For jegerane er det greitt å vite om folk som ferdast i terrenget. Ta difor kontakt med nokon nede i grenda før du legg ut på tur i jakthelgane!

Takk til Vik Grunneigarlag og Bremanger Hamn og Næring!

God tur!

- Ålfoten Grendautval -