Ålfoten- eit paradis på jord

Ålfoten er ei lita idyllisk bygd i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Bygda ligg på sørsida av Nordfjorden, i enden av ein fjordarm, 25 minutt frå Svelgen, og 35 frå Nordfjordeid.

Her bur det ca 200 personar. Vi har ein matvarebutikk, barnehage og skule opp til sjuande klasse. Naturen rundt er vill og vakker. Bygda ligg ved fjorden og er omkransa av høge fjell, som strekk seg opp til over tusen meter. Det høgste fjellet i området er Gjegnalunden med sine 1670 meter. Ålfoten er med andre ord ein perfekt stad for folk som likar vakker natur, og som nyttar seg av denne. Sjøen og dei mange vatna i fjella og dalane rundt bygda, gjev gode fiskemoglegheiter. Fjella byr dessutan på mange fine turar, både tunge og lette, som gjev deg sterke naturopplevingar. Det er dessutan utruleg mykje hjort i området, så jaktmoglegheitene er mange og gode. Ålfoten er hjortebygda framfor nokon, kvart år blir det felt over 100 dyr her.

Sør for Ålfoten ligg Ålfotbreen, den vestlegaste isbreen i Noreg. Breen ligg i eit av dei mest nedbørsrike områda i landet. Breen og dei mange vatna i fjella rundt bygda, har ført til at SFE har to kraftstasjonar i bygda, ein i kvar ende. Desse gjev ein del arbeidsplassar. I gamledagar var det store flotte fossar som kransa seg nedover fjellsidene, i dag er dei fleste av desse regulerte til kraftproduksjon.

I Ålfoten er det trygt og godt, det er veldig flott å vekse opp her. Her er eit rikt organisasjonsliv, så her er mykje å finne på. Det blir ikkje kjedeleg!

Ålfoten er rett og slett ei perle, eit paradis på jord!