Krunhjorten 4H er èin av ca. 700 4H-klubbar i Noreg. Klubben vart stifta året 1982 og feira 25 års-jubileum på Hotel Alexandra våren 2007. Det er ein barne- og ungdomsorganisasjon med medlemmar frå Ålfoten og omegn, i alderen 10-19 år. Pr dags dato har klubben 18 medlemmar, deriblant 8 aspirantar, 4 juniorar og 6 seniorar, i tillegg til 3 klubbrådgjevarar.

Tanken bak 4H er at medlemmane skal få moglegheita til å utvikle seg sjølv og finne eit sosialt fellesskap der dei kan ha omsorg for kvarandre. Det vert ikkje stilt spesielle krav for å kunne vere med i 4H, og her kan ein meine og interessere seg for det meste.

4H sitt motto er "å lære ved å gjere", og klubben arbeider etter den velkjende 4H- lovnaden: Vi lovar å arbeide mot det mål å verte ein ungdom med klårt hovud, varmt hjerte, flinke hender og god helse.

Samansetninga i styret, per årskifte 2007/2008:

Leiar:
Nestleiar:
Kasserar:
Sekretær:
Styremedlem:
Vara:
Veronica Elde
Espen A. Hunvik
Marita Førde Sagebø
Berit Myklebust
Ivar A. Myklebust
Kari-Anne Hansen

Klubbrådgjevar A: Bodil Førde
Klubbrådgjevar B: Ellen Olsbø Sandal
Klubbrådgjevar B: Gro Myklebust


Bakgrunnen for namnet til klubben:

Då klubben vart starta i 1982 var det namnekonkurranse blant medlemmane. Det kom inn mange forslag, men Krunhjorten vart det endelege valet, då Ålfoten er kjent som den store hjortebygda.

Høgdepunkt i klubben si historie:
  • Nordfjordmeister og Årets klubb i 1988
  • 1.plass i fylket i tevlinga "Natur 92"
  • Diplom for største skogbruksaktivitet i 1983
  • Klubbprosjektet "Du og bygda di" i 2000, der opprusting av krokettplassen var hovudoppgåva
  • Pionerar på 4H- bedrift (fyrste 4H- bedrifta i landet i 1995)


Noko av det vi driv med i Krunhjorten 4H:

Det har vore tradisjon i mange år å arrangere gåbingo på 4H-dagen i mai. Dette er eit populært tiltak som dei aller fleste i bygda støttar opp om. Krokettplassen oppretta vi i 2000, og det er fortsatt klubben som er ansvarleg for plassen. Der finn ein sandvolleyball-, krokett- og hestesko-bane, trampoline, bord og benkar. Plassen er mykje brukt i sommarsesongen, og klubben har dei siste åra samarbeidd med idrettslaget om å arrangere volleyballturnering rundt månadsskiftet juli/august.

Ellers har Krunhjorten også eit godt samarbeid med Joker Ålfoten. Der har aspirantane av og til kafè, og eit par år før jul har vi også opptredt som nissar på butikken for å hjelpe kundar med å pakke og bere ut varer, og servere peparkaker og gløgg. Det har i alle år også vore tradisjon å ta ein dag på Harpefossen. Å starte 4H-året med eit pangstartmøte på hyttene i Langesjø, og å avslutte året etter haustfesten, med ein bowlingtur, er andre opplegg vi har lagt til som tradisjonar den siste tida.

Lurer du på noko, eller er du rett og slett berre nysgjerrig på kva 4H er, kan du ta kontakt med Bodil på mob.nr: 41214122, eller Veronica på mob.nr: 47887666. Her finst det ein plass for alle interesserte!